top of page

Båtgravene på Slettaneset frå vikingtida

Segner fortel at skip alt i førhistorisk tid spela ei stor rolle på Halsnøy. Fornfunn og restar etter bygningar frå mange stader på øya, fortel om det same. På Slettanes på Hillestad er det tydeleg merke etter skipssetjing, der dei la i grav dei døde i farty.


(Foto - Grenda)


Så nær sjøen og skipa stod forfedrane våre. Heile deira gudstru fekk farge og førestellingar frå dette. Skipa dei vart haugsette i og skulle føra dei over ukjent hav til den andre verda.



Med tanke på dette, vart små avhogde gullstykke eit betalingsmiddel på den tida i Noreg, og lagd i rav saman med den døde. Dette var «ferjepengar» på Charons båt. Eit særmerke etter eit slikt funn på Halsnøy daterer professor Haakon Shetelig det til 4. hundreåret. Han plasserer det som det eldste Sitt slag i Noreg.


Mykje tyder på at det er falne mennen frå slaget mellom Eirikssønene og farbroren deira, Håkon den gode - om makta over Noreg på Fitjar i år 961 - som er gravlagde i skipa sine her.

Då var Eiriksønene på veg heim til Etne etter å ha tapt slaget på Fitjar.


Ved utgravinga av dei tre skipsgravene i 1937, fann dei ikkje trematerialar etter skipa, berre båtsaum i rekkje etter bordgangane, pluss eit gullstykke, som ein av dei falne mennene hadde med seg som betalingsmiddel. Når alt kjem til alt, er det kanske ikke å undrast over at Gunnar og Hans Gravdal, og halsnøyfolk flest alltid fann utløysing for noko av det djupaste i seg når dei song:


"Jeg er en seiler på livets hav, på tidenes skiftende bølge.

Jeg stevner frem mot lyse land med livsens trær på de skjønne strender."



Comments


bottom of page