top of page

Halsnøy Meistrane reiste rundt som ambulerende skipsbyggjarar

Halsnøy meistrane reiste rundt og bygde skip mange plasser, alt etter som høve baud seg, der den som skulle ha skuta sjølv held materialar og beddingplass. Soleis har dei bygd båtar frå Rogaland i sør til Romsdalen i nord.

 

Ser du på lista over verva plasser på Halsnøy og Fjelbergsøyane i eldre tider så er det imponerande mange plasser det har vore bygd fartøy. Ut frå dette kan vi lesa at interessa for å utvikla båten som framkomst og bruksmiddel har vore stor. Nå var det ikkje slik at det var jamn tilgang på byggjeoppdrag alle desse plassane, slik at både meisteren og arbeidsfolket måtte flytta på seg om ein skulle ha jamn tilgang på arbeid og utkomme. Sjølv om kommunikasjonane var annleis den gongen — gjekk rykte om kor dei gjævaste skipsbyggingsmeistrane kom frå, noko som hadde mykje å seia for den som skulle arbeidet utført. Han skulle satsa materialane og pengane sine og framfor alt skulle han driva med dette fartøyet i mange år framover. Ofte gav slik ambulerande skipsbygging ein vekselvirkning, ein kunne henta nye kunskaper og impulsar som dei seinare kunne nytta heime. På denne måten utvikla dei både fartøytypar og vervaplasser som vaks seg større på ferre plasser og blei såleis konsentrert om få plasser fram mot slutten av 1800 talla.


I kartet som eg har forsøkt å plotta inn plasser der Halsnøy meistrane har vore å bygd eit eller fleire skip tener berre som ein illustrasjon. Det er uråd i dag å laga eit eksakt kart over desse plassane til det er opplysningane ein har å arbeida etter for mangelfulle.Men det gjev likevel eit bilete over den aktiviteten som gjekk føre seg på den tida.

Hans Nerhus, har i boka si "Frå vikingtid til vår tid" tatt for seg mange av Halsnøy meistrane og eg har lånt frå boka hans, det eg gjengir her:

Frå staden der vikingnaustet stod og munkane seinare hadde verven sin på Halsnøy, var det Pål Annfinnsson Kloster, kom frå, han budde på Brakhaug. Han var mykje nytta som skipsbyggmeister i si tid. Han bygde i Klostervågen, men også mange andre stader slik det går fram av oppstillinga bak i denne artikkelen. Første nybygget han stod som meister for var ein "Sunnhordlands-evert" han bygde i Klostervågen, saman med Ingemar Nilsson Eide og Storefossen, for Anders Andersson Svinøy. Evertfartøya som var utvikla i Sunnhordland, skal vi komma tilbake til, men vil gjerne peika på den store utviklinga som var frå "Everten" blei bygd i Klostervågen i 1827 til jakta "Nora" han bygde på Myren i Fjelberg, berre 9 år seinare.

I Klostervågen,bygde så Engel J. Engelsen og Haldor O. Gravdal, skøyta "Inga" i 1902-3.

Frå Eide, der det var fast vervaplass, var det Ingemar Nilsson Eide, som bygde nmdt om i bygdene saman med Storefossen og til dels Nachschow. Det hende at han stod som meister. Det kan nærast sjå ut som dei skiftevis rett og slett tok støyten i så måte. For med omsyn til dugleik trong ikkje den eine gå av vegen for den andre, skriv Hans Nerhus. Vart oppdragi mange nokk, delte dei som vener og tok inn andre arbeidsfolk. Elles gav dei seg støtt saman i arbeidslag der dei etter tur var den formelle meisteren.

Ingmar Nilsson Eide, var i 1828, På Oma i Strandebarm, og bygde den klinkbygde jekta "De tvende Søstrer" for Bård Pedersson Oma, medan dei hine dreiv på heime i Koven.



Lars Bastiansson Eide, som var mykje med i dette arbeidslaget, var i 1832, meister for klinkerjakta "forsøket" bygd på Eide.


Henrich Nachow, bygde heime i Koven på Sjo, men var og rundt å bygde. I 1837 bygde han i

Fjøra i Åkerfiorden, for Ola O. Rullestad, jakti "Fama" som var kravellbygd og etter dei vanlege måla. Jakta var sers vellukka og blei seid med det same til kjøpmann Pundervold i

Egersund. På Opsanger bygde han året etter jakta "Lydia Johanne" for Amund Larsson

Opsanger. Ho var noko større enn vanleg, men klink og kravell. I Koven på Sjo bygde han i 1839 ei endå litt større jakt av same slaget, men med det underfundige namnet "Anfetrette"

På Romsa bygde så Nachschow i 1840 ei endå noko større jakta. "Ingeborg Lorenz" av same slaget. Reiarane var Ommund T. Romsa og kjøpmann Lorennz Wesenberg. Sistnemnte var den kjente misjonshøvdingen, han var blant anna far for misjonsskipet "Elieser"


Gjert Andersson Eide, gjekk for å vera sjølve storbasen mellom dei mange Halsnøymeistrane. Han var om lag jamgamal med sin gode ven Gunnar Gravdal og var gift med dotter til Henrich Nachschow, som var syster til Per Hagen. Eldste sån hans var kalla opp etter morfaren og døypt Henrik Emmerhoff.. Han fekk truleg opplæringa si i Koven og på Eide, og var rundt å bygde mange plasser som på Rossland, Opsanger og Undarheim, På bygde han i 1857 jakta "Anna Karine". Sidan bygde han saman med svogeren sin Per Hagen, men også saman med Gunnar Gravdal. Det same galdt stort sett Johannes Gregoriusson Eide, f. 1834. Han budde på Beite.


Brørne Halvard og Jakob Halvardssøner Eide, fekk opplæringa si heime på Fjelland hos faren og i Gravdal, først hos Gunnar, men og ei stutt tid hos Hans. Men heile hugen deira stod til sjøen og dei bygde sjølve jakta "Kristine" på 90 lester, som dei dreiv sjøen med.


Gunnar Olsson Sæbø, syskinbornet deira, var sjømann av yrke og budde i Landavågen, men arbeide ved Gravdalsverven når han var heime som seglmakar og tømmermann. Det kan vera vert å nemna at den kontakten Gravdalsverven, fekk frå første stund kom til å ha langt større praktisk verd ein det dei frå først av var merksame på. Skølvrøynte karar som hadde segla på

alle slags skip sat med kunnskapar som kom godt med etter kvart som skutene blei større som medførte større utrustning ein meir omfattande rigg.


Erik Mattisson Kvitavoll, bygde på eigen vervaplass i 1857, ei jakta som han sjølv, Gunnar G.

Sæbø, og Knut T. Tungesvik, var reiarar for. Same året bygde han i Toftevågen for Mikkel T.

Toftevåg, og året etter på Sandvoll for Jon H. Landa, Torbjørn H. Landa og Tørres J. Skarveland. Men då han saman med Knut T. Tungesvik, sjølv kosta seg ei jakt, let han Kristen J. Øvrebø frå Fjelberg, stå som meister, på Kvitavoll.


Kristen J. Ovrabø, bygde i 1857, den vakre jakti "Viken" på Leirvik på Stord, for Reinert T. Leirvik, Tollak J. Hystad, Tollak H. Hystad, Helge J. Litlabø og Landhandlar Hagerup, Leirvik.


På Sjostølen i Hillestadvågen, bygde og reparerte Tolleiv Jakobsson Hillestad, fartøy. Han kom frå Ølve og var faglært skipsbyggjar derfrå. Etter han kom sonen Jakob Tolleivsson og deretter sonesonen Tolleiv Jakobsson. Aktiviteten på Hillstadverven var stor frå 1870 talla og utover, men dei bygde og andre plasser som på Tveito, i Nora valo og på Skarveland.


Hans Mehus, som også var innflyttar frå Ølve, hadde vervaplassen sin ved Mehussjøen.

Då han i 1890 åra gjekk i gang med sluppen 'Sleipner" Som han ikkje fekk fullført

var det Jokob Hillestad, Tommas Berhaug og andre frå Høylandsbygd, som gjorde ferdig denne skuta.


Hans Hansson Sandvoll, eldste broren til Gunnar Gravdal, høyrde med blant Halsnøy-meistrane. Han hadde busett seg i Gravdal og skreiv seg for Gravdal, han, og. Ved "Hansa-naustet" i Gravdal bygde han i 1856, jakta "De tvende Brødre" for Tørres J. Skarveland. Til Tørres hadde han nokre år tidligare bygd om skøyta "Gladolina". I 1857-59 bygde han på første for Ola O. Sandvoll, den tredje for Ola J. Skarveland, og den fjerde for proprietær Wilhelm Undahl, men straks etter seld til Lars A. Leknes og Lambrigt L. Leknes.


Gunnar Gravdal, var også ambulerande skipsbyggingsmeister både før og hadde etablert seg med vervaplass i Gravdal, men utvikling gjekk mot at skutene blei bygde ut frå den faste vervaplassen i Gravdal. Han var såleis tilbake i Strandebarm, i Skånevik, på Tveito, i Innvik i Nordfjord, på Larstø og i Sæbø, og sikkert fleire plasser å bygde åleine eller saman med andre.


Peder Henriksson Sæbø, eller Per Hagen, som han i ettertid helst blei kalla. Han var den Halsnøy-meisteren som Gunnar Gravdal, kom til å arbeida mest saman med. Før dei begynte å byggja saman hadde Per vore meister i Skånevik og sjøsett skuter på Sjo. Han var og mange andre plasser og bygde heilt opp til Romsdalen i Nord. Det første bilbrevet me finn på han gjeld den klinkbygde jakti "De trende Brødre" bygd på garden Vik i 1841. Den andre gjeld jakti "Florine" bygd på Larstø i 1843. Opplæringa si hadde Per fått heime hos faren. Henrich Nachschow, i Koven på Sjo. Berre godt og vel 20 år gammal hadde han, som Gunnar teke til for seg sjølv med eigen varvaplass på Larstø. Han gifte seg med Synneva Helgesdotter Sætre, men budde på Sjo, like til han kjøpte garden Nedre Sæbø, etter Torgeir G. Sæbø, som for til Amerika. Her bygde han etter tidene ei "herskapelig" hus. Etter denne tida skreiv han seg med etternamnet Sæbø. Men tidene endra seg og siste båten han bygde fekk han berre halvferdig. Og "Rejukan" vart ståande oppspanta på Larstø aldrig så lenge, Når tidene bedra seg blei taksten sett så lav at Per tapte alle pengene sine og kom frå gard og grunn. Han flytte så til Hagen, ein plass under Sæbø, og derfrå kjem vanet Hagen. Det er fortalt at kona og boma reiste til Amerika, mens Per Hagen etter dette arbeide hos Gunnar Gravdal ved Gravdalsverven.

Per hadde ord på seg for å byggja gode sjødyktige fartøy. Dei fortel at ei jakt han hadde bygd, kollsegla på Nordland. Men då var det ein av Halsnøy-meistrane som sa: "Det hadde eg aldrig trudd, at ei jakt som Per'en hadde bygd kunne kantra"


Når Per og Gunnar bygde saman på Sjo, budde Gunnar mykje hos søstera si, Sisela, som var gift med Engel Sjo. Han var son åt lensmann Nils Torgeirsson Sjo, som åtte heila Søre Sjo frå Eide til Sæbø. Engel og Nicolay fekk kvart sitt stykke av heimegarden. Engel blei buande på Engelsstølen, som det sidan heite. Og i Liavågen beint nedanfor hadde han sin vervaplass, der det verre tidvis var bygd fartøy. Hans son hans for til Amerika og nokre år seinare reiste Johanne Andersdotter Tofte, kjærasten hans over til han. Dei gifte seg i 1890 og dei to er regna som grunnleggjarane til settlement Tofte. Alle borna til Engel, så nær som Nils flytte dit. Samtidig som mange frå Tofte og Halsnøy reiste over og slo seg til der.


Både per og Gunnar hadde eit nært og godt forhold til Skånevik reiarane og til Skånevik-meistrane og dei som forfedrane deira bygde mange skuter her.


Eg kan leggja til at endå ein Halsnøy -bu med opplæringa si i Koven på Sjo, Hans Andersson Eide, var jaktebyggjar i Haugesund, frå 1845 til han døyde i 1860. Det har ikkje lukkast å få fram nærare dokumentasjon på kva fartøy han bygde. Haugesund var på denne tida ein heller liten plass, men dei store sildefiskeria var med å skapte ei rivande utvikling, slik at trongen for nye og fleire båtar var stor. Dei tre verfta i byen sysselsette frå 30 til 100 mann på denne tida.


Henrik Emmerhoff, f. 1858, lærte seg skipsbyggingskunsten frå far sin Gjert Andersson Eide, alt som ung, men reiste til sjøs som tømmermann i mange år. Etter at han avslutta sjølive reiste han rundt og var meister for mange nybygg. Han bygde frå Hogganvik og Vikedal (Rogaland) i sør og like opp til Romsdalen i Nord. Det finnes ikkje oppgåver over fartøy han stod som meister for, men eg byggier dette på samtalar med Kåre Emmerhoff, som kan hugsa bestefaren fortalde.


Fartøy i Fjelberg Tinglag 1875

 

Lista kunne sikkert vore gjort mykje lenger om ein forsette leitinga i kjeldematerialet, eg tur likevel at dette saman med det andre materialet vil gje eit bilde av det som skjedde i denne tida.

At forfattaren Jonas Lie, har lete seg imponera av all denne fartøybygginga, slik Hans Nerhus, nemner det, kjem tydelig til utrykk i diktinga og bøkene hans. Der har han utkjempa så mange sjøslag at sjølv Tordensjold, med alle sine triumfar kjem til korte.

Johs. G. Eide



Kjelder:

Hans Nerhus:

Frå vikingtid til vår tid Hefte Skip

Samtaler med mange personar

Kunnskapar om emne frå gamalt av





Hozzászólások


bottom of page