top of page

Jakta "OLINE"

Jakta "Oline" var byggjent. 3 på Gravdalsverven, bygd av Gunnar Gravdal i 1858. Ho er såleis mellom dei eldste treskipa i Norge som er bevart. Det er såleis eit viktig kulturhistorisk minnesverk frå den rike skipsbyggjartradisjonen På Halsnøy og i Sunnhordland, der Gravdalsverven i Gravdal med far Gunnar og seinare sonen Hans i mange år var mellom dei fremste.


Hovuddimensjonane er lengde 45 fot, breidde 15 fot og djupne 6 fot og 6 tommar. "Oline" vart bygd etter oppdrag frå brørne Tørris Tørrisson Ølfarnes og Ola Tørrisson Berhovda, saman med Lars Tørrisson Hauge. Tørris var busett på Ølfarnes, mens Ola hadde kjøpt seg jord på Berhaug i Høylandsbygd. Lars Tørrisson Hauge hadde jord på Hauge i Høylandsbygd. "Oli ne" er klinkerbygd under vannlinja og kravell over.


Etter nokre år blei "Oline" seld til familien Lægreid i Eidfjord og fekk namnet "Eidfjord"

Jakta blei brukt til allslags fraktfart; frukt, grønsaker og ved til Bergen og varer frå byen heimatt. Ein eiåre mann frå Eidfjord, Endre Skaar, som no er død, fortalde at han som ungdom var mannskap på "Eidfjord" (ek "Oline") i 1928. Då han skulle flytta frå Eidfjord i 1932 hadde han heile flyttelasset og familien med på jakta. Han fortalte også om ein hasardiøs tur frå Eidfjord til Bergen, som han meinte var i 1928. Skuta var då lasta med Ved, mykje av han på dekk. Då dei kom i Korsfjorden, bles det nordvest full storm og dekkslasta hamna i sjøen, bei prøvde og samla opp så godt dei kunne, men mykje gjekk tapt. Det var ein forferdelig tur, fortalte Skaar.



Vidare har vi høyrt at skuta sokk utanfor Varaldsøy på 1950 tallet. Då var skuta nær på 100 år, men blei rekna som eit særs godt fartøy. Difor vart ho heva og slept til Jondal, der ho vart reparert. Lasta den gongen var skrapjarn.


Ei stund deretter blei jakta seld til ein kar frå Eivindvik i Sogn, Arthur Nilsen, som dreiv skraphandel. Etter at han døydde i 1979 låg skuta i opplag, til hollendaren Hars van der Vooren, kjøpte henne og tok ho til Norheimsund. Hans '.an der Vooren hadde allereie jakta "Dagny" som hadde fått namnet "Anna Rosa" og galeasen "Anna Kristina" ex "Dyrafield". "Eifiord" ex "Oline" kalla hän berre for "Jekti". Skuta var så lita at han ikkje fann hoko nytte i ho, dessutan hadde han meir enn nok. Han selde derfor "Jekti" til ein tysk statsborgar som ville segla ho til Hamburg. Då tyskaren kom til Haugesund, ville ikkje den gamle Union-motoren meir. Mannen såg seg ikkje råd til ny motor, så difor vart jakta liggjande i Haugesund ei tid, der ho lei ille.


Det var her Georg Gundersen fekk auga på den vesle grøne jakta. Han forsto kva verdi den vesle skuta hadde som kulturminne og kjøpte ho. Ho vart då slept til Sandviken -i Bergen, der det vart sett i gang med grundig restaurering.

Ein del hud måtte skiftas, nytt overspeil måtte lagast, ein del dekksplank og dekksbjelkar vart skifta og ho måtte få ny lasteluke. Dekksarrangement som spakespel, nedgangskappe, krøppelspel, skansekledning, rigg med rundholt, blokker, jomfruer, segl og tauverk kom på plass. Den 10.mai kl 14:00 i det Herrens år 1983 segla den nyrestaurerte "Oline" atter på byflorden i Bergen!



Innreiinga blei laga seinare. I juni 1983 var "Oline" på Forbundet Kysten sitt landsstevne i Rasvåg på Hitra og fekk mykje merksemd og heider. No var ho eit reint seglfartøy, utan motor og slik var det like fram til 1986.

1 1986 vart det laga ein stiftelse, "Stiftelsen Oline" som hadde til føremål å kjøpa og bevara skuta. Dei klarte å samla inn 250.000 kroner, men ikkje noko meir. Salssummen var den gongen 600.000 kroner.


"Oline" er eit flytande kulturminne, men kvar tur med denne gamle dama, vil innebera ein risiko for å mista henne. Ho treng å Vli overtatt av vener som kan ta vare på denne eldste av våre skuter som er bygd på Halsnøy.

Jakta "Oline" er nå eigd av interesseforeninga "Oline" på Halsnøy og er tatt på land på Hillestadvågen, nær staden ho vart bygd og eigd i den første tida. Skuta er ferdig restaurert tre-messig, men det står enno noko arbeid att. "Oline" er eit svært viktig kulturminne, sjølv om ho truleg ikkje kjem på sjøen meir. Vi ønskjer oss mange vener som vil vera med og ta vare på denne eldste av våre skuter som er bygd på Halsnøy.

(Mykje av teksten overfor er skriven av Kari Gundersen)

Høylandsbygd, 22.august 2008

Interesseforeningen Oline


 

Hvor Oline står i dag:


Oline holder nå til i Høylandsbygd.

















Det er et flott vegg maleri av Oline på en av Johannes Eide's Skipsbyggings haller i Høylandsbygd.

Commentaires


bottom of page