top of page

Vår Historie

Halsnøy historisk museums dører åpner for gjester sommeren 2023.

Vi endrer og utvikler oss hele tiden i et forsøk på å tilby nye opplevelser til deg og din familie.

Buneset Halsnøy Toftevågen

Buneset, Halsnøy i Sunnhordland.

Historikk

Det kan vanskeleg finnast ein meir sentral plass for eit båt- og skipsbyggingssenter enn på Halsnøy i Sunnhordland. Øya har gamal busetnad, og dette finst det mange prov på. Det var her Magnus Erlingsson hadde kongsgarden sin, og her var det Augustinarmunkane bygde klosteret i høgmellomalderen. Leidangskipet – som høyrde til i kongens sjøforsvar gjennom skipreideordninga – stod i naust ved Skarvasteinane, like utanfor klostergarden. På denne øya finn me bautaer og vikinggraver, og funnet av ”Halsnøybåten” frå yngre jernalder set dette øysamfunnet inn i den europeiske kultursoga..

I nyare tid finn me her den eldste sjukestova i landet, den eldste folkeboksamlinga, den eldste sparebanken på Vestlandet, den eldste folkehøgskulen og søndagsakademiet som starta opp av Jens Fredrik Undahl. Han var leiar og og underviste sjølv. Alt dette er prov på at det har vore eit mangfald av verksemder på Halsnøy, med dugande menn og kvinner.

Vil du læra å kjenna historia om båtbygginga og skipsbygginga i Sunnhordland, kan du setja passarspissen på Halsnøy og dreia rundt. Då vil du fort oppdaga at her har det vore eit senter for båt- og skipsbygging opp gjennom tidene. Det kan synast lett å forstå etter som dette er ei øy med sjø på alle sider, og båten har vore det einaste framkomstmiddelet. Og Halsnøy hadde rikeleg tilgang til naturressursane; til skog og materialer for bygging av båtar og fartøy.

Utviklinga av ”Sunnhordlandseverten”, som er forløparen til jaktene, fortel om dette. Dette fartøyet vart rigga med bomsegl og hadde såleis heilt andre eigenskapar til kryssing av fjordane enn jektene med tverrstilt råsegl. Everten, som var ei gruntgåande, klinkbygd jakt med akterspegel, vart etterkvart utvikla til den fartøytypen som i dag går under namnet ”jakt”. Men historia stoggar ikkje her, og båtane eller skipa utviklar seg vidare og blir stadig større. Overgangen frå segl til motor og båtar med rorhus gjer at ein kan vera innomhus både med navigering og styring.

Halsnøymeistrane reiste også rundt som ambulerande skipsbyggingsmeistrar og bygde der høve baud seg og der oppdragsgjevaren heldt materialar, like frå Hoggansvik i sør til Romsdalen i nord. Ein del av skutene vart ikkje berre bygde på Halsnøy, men også drivne herfrå, og øya utvikla slik sin eigen sjømannsstand. Nemninga ”fiskarbonden” er velkjend langs kysten. For å skaffa seg ein leveveg reiste mannen ut anten på fiske eller i fraktfart, mens kona stelte heime, dreiv garden og oppseda ungane.

Også i vår tid har skipsbygginga halde fram, rett nok med stål som byggematerialer. Desse bygdene har teke steget inn i oljealderen og båtar har sin base her med heile vera som arbeidsfelt. Viktigare enn nokon gong er det derfor å kjenna og ta vare på historia i farne tider. La dei unge få del i det forfedrane dreiv med, og få innsikt i det som har vore levevegen for mange på Halsnøy opp gjennom tidene.

bottom of page