top of page

Holmamannen

Holmamannen og brødrene hans dreiv med jektefart. Dei kjøpte fisk i lofoten og tørka denne på fiskaberget i Høylandsbygd for eksport.



Mathilde, enka etter Lars i Kringlevika, må be Holmamannen om hjelp og får hjelp


Etter at Lars døydde har enka, Mathilde forsett å bu i Kringlevika saman med sonen Johannes. Frå barneår har han vore kalla John. Dette navnet heng ved han, sjølv om han nå er over 18 år gamel.


Utkommet i Kringlevika er lite og det er vanskelig å sjå for seg korleis dei kan klara seg med mat gjen- nom vinteren.


Dette har uroa henne lenge. Tidlig mandag morgon har ho bestemt seg. Ho går og vekkjer sonen. Dei skal ha båt på sjøen og ro til Holmamannen for å be om hjelp. Dei har snøre med seg og på vegen nappar det. Dei dreg om bord ein fin fisk, så middagsgryta er berga.


Framme i Holmen treffer dei Holmamannen på kaien. Han er høg og rettrygga og kjent for at når han snakkar, må dei andre teie stille.


Ho helsar og ber fram ærendet sitt. Med skjelvande stemme og runde, våte augo spør ho så fint ho kan:


- Kunne du ta med guten min ombord på Jakta til Nord-Norge etter fisk? Får han kosten og du passar på han ber eg ikke om meir. Du kjenne forholda i Kringlevika etter at Lars døyde, så dette skal eg ikkje plaga deg med.


Holmamennen tenkte seg om og etter eit lite bel seier han: - Han får bli med om han kan ta til med det same og vera med å gjera skuta klar for turen nordover.


Dette sa denne velsigna mannen og ho visste at han var til å lite på. Hadde han først sagt noko, så blei det slik.

- Eg må berre takka deg, dette er reint formykje, men eg kunne ikkje sjå korleis me skulle klara å få til føda gjennom vinteren, seier ho.


Enka rodde heimatt, glad og fornøgd. Dette hadde vore ein god dag, sonen fekk vera med på Nord- landsfart og sjølv hadde ho fisk i båten. Ho takka Gud for at han hadde ordna alt så vel for henne.


John vart verande i Holmen og var med og gjorde «Magdalone» klar til ferda nordover. Medan John var i Holmen blei han kjent med yngste dottera til Holmamannen, ho Marta. Dei lo og snakka saman og litt etter litt gjekk dei tur på stien om kveldane. Når ingen såg dei fekk han halde handa hennar. Ein kveld hadde ho smurt to brødskiver med sirup pá. Ei til seg sjølv og ei til John:

- Nam, sa John, dette er det beste eg har ete! Han hadde ikkje smakt sirup før.


Vennskapen berre auka på og Marta bestemte seg for å strikka sokkar til John. Ho fekk hjelp av Besto med å fella hel og tå. Den dagen «Magdalone» var klar til å gå kom Marta for å ta farvel med John. Ho opna den midterste knappen pá bringa si og trekte fram sokkane: - Desse skal du få av meg til å ha i støvlane dine, sa ho. Han tok av seg den eine stovelen etter den andre, tømde ut halmen og tok sokkane på seg.

- Takk skal du ha Marte, dette skal bli godt og varmt når eg ikkje har deg lenger, sa han.


Holmamannen kom gåande og såg at John klemde Marta til farvel. Han sa ikkje noko, bere snudde og gjekk bort, slik at dei unge ikkje merka noko.


Turen til Bergen gjekk greit. Dei tok om bord salt, proviant og heldt fram nordetter kysten. Før dei kom til Lofoten, kom dei ut for eit sværa ruskevær med storm og snøkavar. Då var det John ikkje fekk sova og kjende seg uvel der han låg i køya. Han reiste opp og for opp på dekket. Han såg med ein gong at skuta var i ferd med å gå på feil side av ein stake og ville havna på nokre skjær innanfor. Han var raskt nede og vekte Holmamannen. Dei fekk lagt om kursen og det heile gjekk godt. Litt seinare bad Hol- mamannen John om å komma ned i kahytta til han. Der sa han til John:

- Eg vil få takka deg for at du berga både mannskap og skuta. Du skal få klokka mi for at du var så snar- rådig og kom og vekte meg.


John takka og gjekk, men to dagar seinare kom han tilbake til Holmamannen. Han sa:

- Du kan fá klokka tilbake for eg kan ikkje klokka.


Holmamannen tok imot, men sa:

- Eg er stolt av deg! Du skal få Marta som er heime, ho skal bli di. John fekk klump i halsen og blei så forfjamsa at han gløymde å takka.


Holmamannen skreiv brev til kona heime i Holmen, der han fortalde om det fæle uværet dei var i gjennom, om John som berga dei og at han som takk hadde lova bort Marta til han. Holmakona får brevet, les det og gøymer det i senga under hovedputa. Ho seier ingen ting til Marta eller til dei andre. Besto i huset finn brevet og les det, men torer ikkje seia noko til Marta.


Så lir det mot påske. Besto og Holmakona må til Holmedal kyrkja og stella gravene for helga. Då fortel Besto om brevet ho har funne til Holmabesten, som ligg i grava si. Det var ikkje uvanleg å snakka slik til grava i dei dagar.


Holmakåna høyrer kva ho seier og det blir oppvask dei i mellom når dei kjem heim. Besto må krypa til korset, men må likevel fortelja Marta at far hennar har lova ho bort til John. Marta blir både glad og litt fælen og må betru seg til mor si.


Det endar med full forsoning mellom dei tre kvinnene i Holmen. Saman gler dei seg nå til at «Magda- lone» skal ankra opp i Holmasundet på nytt.

 


Kjøpekontrakt mellom Gunnar Gravdal og Torbjørn Toftekalven om bygging

av Magdalona i Gravdal, 1882.


bottom of page