top of page

Kor kom kunnskap om båtbygging og skipsbygging frå?


 

Kor er denne kunnskapen om båtbygging og skipsbygging kommen frå når dei nådde eit så høgt nivå her ute i distrikta.

Bergen var langt framme når det galt skipsbygging her vest og dei førande skipsbyggingsmeistrane der var Jens Gram og Annanias Dekke, som kvar for seg la vinn på å yte sitt beste, med omsyn til formgiving, sjødyktighet og seglareigenskaper. Begge hadde dei fått opplæring og inspirasjon ved amerikanske og europeiske vervar. Dei som var meistrar ute i distrikta hadde ofte vore i arbeid her og slik greina ideane og utforming av skipa seg utover i distrikta. Dit søkte dei og seinare etter teikningar og modellar når dei fekk større og meir krevjande oppdrag på eigne vervar.


Medan dei lokale skipsbyggingsmeistrane helst bygde mindre fartøy, vart utanbygds meistrar nytta når større skip skulle byggjast. I Sunnhordland var det serleg to slike som kom til å spela ein rolle som inspiratorar. Det var Sigbjørn Birkeland og John Hauge, den første i 1850-60 åra, den andre i 1890 åra Begge var opplærte i Bergen, den første hos Gram, den andre hos Dekke.


Sigbjørn Birkeland, f. 1821 i Bakke ved Flekkefjord, kom først i 1840 åra som modellsnekker til Grame- verven. Der lærte han ikkje berre å teikna og kostnadsberekna modellane. Han fekk lånt bøker om skipsbygging og dreiv ihuga sjølvstudium. Om kveldane arbeide han med ein brigg-modell som han søkte reiarane i byen om stønad til å byggja. Men der møtte han berre ein mur av mistru. Denne mannen utan kontaktar, utan midlar og utan andre referansar kunne ikkje byggja eit slikt skip. Birkeland brøyte seg veg gjennom vanskane. I Ålfiorden, nærare bestemt Vikebygd i Sunnhordland, såg han seg ut vervaplass, for der var også alt det trevirke han trong for å byggja og den avtalen han fekk med bøndene der var at han skulle få kredit for tømmeret mot at skipet blei bygd i bygda der. Så stod det att å skaffa rederar. Med avtalen i lomma bar det til Bergen, att, der 11 mann — alle så å seia handverkar no slo seg saman i eit reiarlag. Dei var alle velnøgde med resultatet, då den velskapte briggen "Deodata" på 95 1/2

c.l. vart sjøset. Med den sigeren Birkeland, såleis vann synte han kva han dugde til som skipsbyggjarmeister. Interessa var vekt og nye oppgåver melde seg. Det neste skipet han bygde var for redar i Bergen, barken "Hans Egede" på 110 1/2 c.l.. Mellom dei fartøya han elles sjøsette i Ålfjorden var sluppen "Isbjørnen" bygd for selfangst. Deretter flytte Birkeland frå Ålfjorden til Utne i Hardanger. For "Mor Utne" og sonen hennar, skipsføraren John Utne, hadde merka seg dei vakre skutene Birkeland bygde. Her bygde han i 1861 skonertbriggen "Niels Hertzberg". Som vart ein av dei mest kjende skarpsiglarane i fruktfarten på

Midelhavet. Det gjekk ord om rekordreisa den gjorde frå Odessa til Bergen, søkklasta med rug på seks veker. Året etter var Birkeland tilbake i Sunnhordland. Han hadde skipa seg til med skipsvarv på Leirvik på Stord, der han hadde tenkt å slå seg ned for godt. For eiga rekning gjekk han i gang med briggen "Stord"som han selde straks føre sjøsettinga og som vart kjend i kinafarten. Men kjøparane var to bergenske spekulantar som med dette eine slaget spela heile Birkeland sin driftskapital ut av hendene på han. Birkeland måtte slutta av vervaverksemda i Sunnhordland. Han flytte nå til Namdal, der han i 1867 bygde skonnertane "Anna" og "Alberte", dei siste skutene frå hans hand. Frå då av til han døyde dreiv han båtbygging ved Georgernes Værft i Bergen, der Annanias Dekke skaffa han tomt og tok over dei fleste av dei båtane han bygde. Det var livbåtar Birkeland no hadde gjort til sin spesialitet. For dette formålet fekk han i 1878 statsstipend til å studera livbåtar i Sunnderland, og tilsvarande stønad i 1883 til å vitja den internationale fiskeriutstillingen i London. Der fekk han gullmedalje for modellane sine. For dugleik og innsats for handverk og industri i samfundsgangleg arbeid fekk han i 1880, Oskar II's fortenestemedalje. Då det russiske riksstyret i kring 1870 søkte etter ein ekspert i Noreg som kunne laga høvelege fiskebåtmodellar med rigg og utstyr for fiske i Kaspi- havet tok Birkeland på seg oppdraget. Resultatet vart 3 båtmodellar etter Sunnmørsk, Lister og Hardangertypen.

Når ein går såpass innpå denne merkelege ambulerande skipsbyggjaren som gjekk laus på oppgåvene både praktisk og teoretisk og fordi han i Sunnhordlandsbygdene serleg sette merke etter seg og var til inspirasjon og stor lærdom for fleire lokale skipsbyggjarar. Dei ikkje berre granska skipa han hadde bygd, men gjekk til han for å få hjelp med teikningar og modellar. Der kunne dei også drøfta skipsbyggingsproblema med den vennesæle og stillfarande mannen, som var så vel inne i faget sitt praktisk og teoretisk, for det var serleg den teoretiske delen det skorta på hos skipsbyggjarane rundt om i bygdene.


Sjølvlært som han var, hadde Birkeland heile livet sysla med tanken om å få i stand ei lærebok om skipsbygging. Med det for auga hadde han fått utlånt og granska alle dei utanlandske lærebøkene og sett seg inn i alle dei teoriane som var oppe i tida. Til dette lærebokprosjektet hadde han laga mange teikningar og tabellar til instruksjon. Han var kommen så langt at han hadde fått forleggjar til verket også, men vilkåret var at Birkeland skulle få skipsbyggjarmeister Dekke, som var den mest kjende og dominerande på området, til å tilrå boka, med eit føreord. Men Dekke rådde frå at eit slikt verk blei trykt med den grunngjevinga at skipsbyggingsteoriane dermed ville bli alt for lett tilgjengelige for folk flest. Då Birkeland døyde vart dette verdifulle manuskriptet gjort til inkjes.


John Hauge, f. 1851 i Haugesund, sjøsette 20 år gamal første fartøyet sitt. Barkskipet "Augvald". Etter at han berre 12 år gamal var kommen i lære hos ein jaktebyggjar på heimstaden sin. Seinare var han hos Annamias Dekke i Bergen og med anbefaling derfrå fekk han høve til å studera ved engelske vervar. Ved heimkomsten var han meister for ikkje mindre enn 11 skip. For modellane til desse skipa fekk han på Verdensutstillinga i Paris 1878 gullmedalje. I 1880 åra dreiv han helst berre med reparasjon av skipa på verven sin i Haugesund, men så hamna han som ambulerande skipsbyggingsmeister i Sunnhordland. Der bygde han på 1890 åra ikkje mindre enn 6 tredampskip som var på mellom 600 og 700 brt. På Leirvik på Stord, bygde han 4 av desse fartøya. I søre Valo bygde han 1 fartøy og i Klostervågen på Halsnøy 1 fartøy M/s "Hørda" Han hjelpte også dei mange jakte og galeasbyggjarane rundt om i bygdene med rigg-tegningar og for desse tok han 5 spesidalar stykke. Det Sunnhordlandsmeistrane minnes Hauge mest for var at han mana dei til å vera på høgd med det dei sjølve hadde nått opp til og som det viste seg at han ikkje torde ta tevlinga opp med.


Ein av våre lokale meistrar som det står stor respekt av er Henrik Nachschow, og ein kjem ikkje utanom å ta han med her.

Henrik Emmerhoff Nachshow, var fødd på garden Sjo på Halsnøy i 1794. Han fekk opplæringa si i Bergen og i utlandet før han tok til å byggja heime i Koven og rundt om i Sunnhordland. Han skal ha vore ein særs dyktig skipsbyggingsmeister, høyr berre kva ettermæle Hans Nerhus, gjev han i boka si:


"Mellom dei mange skipsbyggingsmeistrane Storefossen kom til å byggja saman med omkring i Hardanger og Sunnhordlandsbygdene merkjer Nachov seg ut framfor alle andre læremeistrar og inspiratorar for samtid og ettertid. Og den han støtt hadde hyrt med seg, om han ikkje var oppteken annan stad, var Storefossen, som altså ikkje trong gå over bekken etter vatten. Saman bygde Nachshow og Storefossen, sluppar, evertskip, jakter og galeasar allstad der høve baud seg og i det omfanget dei rakk å få med seg dugande tømmermenn"


Dette blir ytterlegare understreka ved at det var nettopp her i Koven på Sjo, det første kravellbygde fartøyet som var bygd på Halsnøy, ja vidare med vart bygd av Henrik

Emmerhoff Naschov. Naschov, var og den første som bygde etter halvmodell her i distriktet.

Han bygde saman med Storefossen, frå Sandvoll, far til Gunnar Gravdal. Seinare tok sonen Peder Henrikkson Sjo, over og førte denne tradisjonen vidare og bygde endå større fartøy både i Koven og på Larstø om han ikkje var ute å bygde andre plasser. Det grunnlaget som fedrane hadde lagt førte sønene vidare slik at Peder Henrikson Sjo og Gunnar Gravdal, kom til å byggja saman på mange fartøy og mange plasser.


Fleire flytta frå Ølve og Hatlestrand, kjøpte seg gardar i Høylandsbygd, og sette i gang med skipsbygging mest som attåtnæring, men og med faste vervaplasser og hadde mange mann i arbeid.

Andre tok seg arbeid på Hillestadvågen og i Gravdal og på eigen varvaplass ved Mehussjøen. Dei hadde lært seg skipsbyggjarkunsten heime og var dyktige i faget sitt. Nett desse bygdene er kjende for fartøya sine og var framifrå flinke med utforming av modellane sine.

Folk flytta i distrikta og meistrane reiste rundt å bygde fartøy der oppdragsgivaren hadde skog og helt materialane sjølv. Men gløym ikkje at dette var rikt utrusta menneskje som ivra etter å skapa noko. Dei var ærlege i framferda si og arbeidssame, noko som gav resultat.


Johs. G. Eide

 

Kjelde:

Hans Nerhus: Frå vikingtid til vår tid.

Årbøker frå Bergen Sjøfartsmuseum. Muntlege kjelder.

bottom of page