top of page

BÅTBYGGING OG SKIPSBYGGING PÅ HALSNØY

Halsnøy har ei gamal historie å fortelja, frå årtusen tilbake, i den nasjonale soga om båtbygging og skipsbygging. Denne mektige historia er kanskje er den mest omfattande i landet i sitt slag og har sin sjølvsagde plass også i europeisk målestokk.

Bilde: Halsnøy Historiske Senter arkiv, tegnet av Øystein Hoff

 

Like frå byrjinga av vår tidsrekning strekkjer denne historia seg framover i hundreåra til høgkonjunkturen på 1800-talet, med "Halsnøybåten" frå 200-300-talet som det eldste provet på båtbyggjarkunsten. Vikinggravene på Slettanes i Høylandsbygd og langskipsnaustet med leidangskipet ved Skarvasteinane på Halsnøy Kloster er vitnemål om busetnad, kompetanse og handverkstradisjonar i desse bygdene. Mot slutten av mellomalderen vart leidangsskipa sette på land for godt, og då kjem ein periode der vi har lite kunnskapar om skipsbygginga. Men i byrjinga av 1600-talet finn vi dyktige fartøybyggjarar i fjordbygdene, og dette blir innleiinga til den store seglskutetida. Utviklinga av båten og skipsbyggjarkulturen går vidare på 1700-talet, i eit samspel mellom lokale tradisjonar og impulsar utanfrå, i generasjon etter generasjon. Tverrsegljektene utvikla seg vidare til Sunnhordlandseverten, som hadde bomsegl og som var forløparen til jaktene med bomsegl, slik vi kjenner dei i dag. I over 100 år var desse jaktene den tids "trailerar" langs norskekysten: ferdafarten inn og ut fjordarmane, nordlandsfarten etter sild og torsk og fraktefarten vidare frå den norske vestkysten til Holland, England og Østersjøen med dei baltiske statane — i austerveg med fisk og heimover med korn.


Ei slik jakt var "Skjoldmøen", som i 1863 gjorde den legendariske reisa over Atlanterhavet og opp vassvegen over dei store sjøane like til Chicago, med norske varer om bord: sommarsild, stokkfisk og ansjos. Returlasta til Noreg var tobbakk, olje og oljelampar. Jakta var bygd på Halsnøy i 1856, og skipsbyggingsaktiviteten i desse bygdene utvikla seg vidare. Det vart strekt kjøl til stadig større skip, både til lokale reiarar og til reiarlag i Haugesund, Stavanger og Bergen, for ikkje å nemna skutene som gjekk i Nordishavet på selfangst, utrusta av fangstfolk og reiarar på Sunnmøre.

I eldre tid var skipsbyggingsmeistrane ambulerande; dei reiste rundt til gode strender og bygde der oppdragsgjevaren heldt materialar frå elgen skog. Litt eller litt vart det etablert faste vervaplasser, og ein av desse var Gravdal Skipsbyggeri, som vart grunnlagt i 1845 i Gravdal, på Halsnøy av Gunnar Hansson Gravdal. Herfrå utvikla verven seg til å bli landets største treskipsbyggeri. Dei bygde over 400 fartøy rekna med stort og smått.

Rett nok vart verven i generasjonen etter flytta over til Oppsanger, men det var i Gravdal grunnlaget for dette industrieventyret vart lagt. Eit fartøybyggjarmuseum her vil Og femna om alle dei andre byggmeistrane i denne regionen og la dei få sin plass i denne industrihistoria som kom heile Sunnhordland og Vestlandet til nytte.

Mange av skutene som var bygde her vart også verande i desse bygdene, og dei vart drivne frå Halsnøy og Fjelbergøyane. Like frå 1500 tallet, når hollendarane og skottane kom med skutene sine etter trelast, tok halsnøybuen seg hyre og utvikla seg til å bli framifrå sjøfolk som i mange generasjonar dreiv med eigne skuter i fraktfart og fisketransport. Fiskarbonden som dreiv småbruket heime og fisket på sjøen som attåtnæring, skal heller ikkje gløymast. Dette var i si tid ein viktig leveveg for mange på Halsnøy og i heile Sunnhordland, og ofte deltok heile familien i fisket.


Jakta "Oline" vart bygd på den staden som fartøybyggjarmuseet er planlagt i Gravdal. Jakta, som vart bygd av Gunnar Gravdal for reiarar i Høylandsbygd i 1858, er no blitt restaurert, og denne skuta vil bli eitt av hovudelementa i det nye muset. Her vil også den rekonstruerte "Halsnøybåten" finna sin plass. Båten vart funnen i ei myr på Buneset i 1896, og båtborda som kom for dagen på botnen av myra er daterte til å vera frå 100 til 300 år etter Kr. fødsel.

Utover dette er det mange maritime element i samlinga: båtar, modellar, verktøy, tauverk og segl, teikningar og skriftleg materiale som vil vera med og gjera denne innhaldsrike historia synleg. I dette perspektivet er det også naturleg å ta med far min Georg Eide, som var ein dugande skipsbyggjar og som tok opp arven etter forfedrane sine på ein framifrå måte.


Høylandsbygd

Johs. G. Eide


bottom of page