
2. verdskrig i Norge
I høve 80-årsjubiléet for den tyske kapitulasjonen 8. mai 1945 har vi laga ein informasjonsbank der du kan klikka deg inn på ulike forteljingar om krigen i Noreg som ligg på nettet. Vi har plukka ut nokre av dei viktigaste hendingane, både lokalt og sentralt. God lesnad!
.jpg)
Senkinga av Blücher.
Krysseren “Blücher”, skulle vera det stolte symbolet på den tyske marine sin mektige sjømakt. Skipet vart sjøsett 8. juni 1937 og var ferdig til tokt to år etter. På jomfruturen opp Oslofjorden var Blücher leiarfartøy for flåten som hadde i oppgåve å setja i land infanteri for okkupasjon av Oslo. Staben som skulle leia operasjonen var ombord, saman med infanteriavdelingar, i alt 800 mann, i tillegg til eigen besetning. Under forseringa av Drøbaksundet natt til 9. april 1940 vart skipet, etter artilleri- og torpedotreff fra Oscarsborg festning under kommando av oberst Birger Kristian Eriksen, sterkt skada og sokk nord i Drøbaksundet. 576 mann av besetningen og omlag 400 av troppene omkom. Kilde: Jarslett, Yngve; Store Norske Leksikon
Torpedoen som er montert utanfor Halsnøy historiske Senter er av samme type som vart avfyrt frå Oscarsborg. Inne I senteret finn du modell av Blücher og mange andre kjende fartøy frå 2. verdskrig.
«The sinking of Blücher»
Fra filmen “Kongens Valg”
(The King’s Choice)
Spennende og informativ dokumentar:
Hvordan et gammelt fort
forpurret invasjonen av Norge
How an Outdated Fort Stopped the WWII Invasion of Norway
Store Norske Leksikon
om senkingen av «Blucher»
Blücher
«Bluches siste reise»
Norsk dokumentar med heile historia
Blüchers siste reise.
Pedagogisk oversikt på YouTube,
perfekt for skulearbeid
Norge under 2. verdenskrig

Radiohola i Høylandsbygd
Kjører du vidare på hovedvegen gjennom Høylandsbygd mot sør-aust finn du skilt til Radiohola. Ho ligg rundt 300 meter opp i lia frå hovedvegen. Parkering ved hovudvegen eller lenger oppe. Radiohola var gøymestaden for ein illegal radio som brakte folket nyhende frå britene og dei norske styresmaktene i eksil i London. Å ha radio var forbode av tyske okkupantane. Det var risiko for arrest, tortur og etter kvart dødsstraff for å disponera radio.
Læraren i bygda, A.L Aanderaa var mellom dei fremste mostandsfolka i regionen. Då to tyske gestapistar vart skotne av motstandsfolk på Sunde (sjå Lokale drama), vart han arrestert same dag og sendt til Gestapo i Bergen. Han vart slept laus att då tyskarane ikkje fann bevis mot han. Du finn meir informasjon om A.L. Aanderaa inne i senteret.
Forutan stoff om Radiohola har Halsnøy Historiske Senter ei stor samling gamle radioapparat frå førkrigstida. Vi har og ein radiosendar, av liknande type som dristige agentar for motstandsrørsla brukte til å senda informasjon til London om tyske skipsrørsler og troppetransportar.
LB4FH:
«Radiohola Listening Post»
From the perspective of a radio
and History enthusiast
Visiting a WW2 Resistance Listening Post
«Historia om Radiohola»
Med “Stemmen fra London”, Kong Håkon 7.’s taler m.m.
Ved Bjørn Tore Andre, NRK
Historien om Radiohola I Høylandsbygd.
Om radiohola i Høylandsbygd
Artkkel på Wikipedia:
Høyrt om Archebus?
I dag vårt største krigshistoriske
museum utanfor Oslo!
Radio i krisetid
Om NRK under krigen
.png)
Nordsjøfarten
Småskøytefarten over Nordsjøen frå Bømlo og andre stader på kysten til Shetland var ei livsnerve for motstandskampen. Folk som ville sloss mot tyskarane vart smugla over, medan agentar, våpen, ammunisjon og utstyr kom andre vegen. “Shetlandsgjengen” var formelt organisert under den britiske marineetterretninga Special Operations Executive (SOE).
Den mest kjende var “Shetlands-Larsen” frå Bergen, som vart den høgast dekorerte sjøoffiseren under 2. verdskrig. To gonger fekk han Krigskorset med sverd, den høgeste medaljen ein nordmann kan få. Inne i senteret finn du meir informasjon om Leif Larsen (1906-1990) og fleire interssante montasjar og bilete om Nordsjøfarten. Du kan m.a. sjå modell av “M/S Arholm”, og sjå ein replika i stort format av overbygget på ei slik slik skøyte, som var så vanlige på denne tida.
"Jeg traff’n, Larsen” seiest å vera dei siste orda fra ein av mange norske unggutar som mista livet i denne farlige farten. Norske angivarar og tyske fly var konstante trugsmål. Då vi fekk tre MTB’ar frå USA på slutten av 1943 vart det slutt på tap av menneskeliv på “Shetlandsbussen”.
Fra filmen «Shetlandsgjengen» (1954)
Med Leif Larsen i hovedrollen som seg selv
Historien om «Shetlands-Larsen»
Frå blogg.no
Shetlands-Larsen (blogg.no)
Om Nordsjøfarten under krigen
i Store Norske Leksikon
englandsfarere – Store norske leksikon
Ein tragedie i Nordsjøfarten
Om forliset av M/K «Blia»
Nordsjøfartmuséet
«The Tælavåg Tragedy»
Dokumentarfilm
.jpg)
Kongefamilien og motstandskampen
Då Tyskland invaderte Norge i 1940, nektet kong Haakon VII å godta Quisling som statsminister. Flukta frå Noreg under tyske bombfly og kuleregn er blitt tema for fleire spelefilmar. I eksil i London vart Kongen eit viktig symbol på nasjonal samhald, og talane hans til folket gjennom BBC styrka kampviljen. Kronprins Olav var eit viktig bindeledd mellom den norske regjeringa I London og dei allierte og vart eit sterkt symbol på norsk motstandsvilje. Kronprinsesse Märtha og barna kom seg trygt til USA, der ho skapte sympati for Norges sak, mellom anna gjennom sitt venskap med president Roosevelt. Kongefamilen si framferd under krigen gav moral og legitimitet til motstanden mot tyskarane. Dei inspirerte til kontinuitet, håp og motstand for det norske folket og var utruleg godt omtykte, både under og etter krigen.
Inne I senteret finn du fleire symbol som uttrykker respekt og takksemd for den rolla kongefamilien spela gjennom desse vanskelege åra, m.a. ein installasjon vi assosierer med brua på kongeskipet. Vi har og ein flott modell av Kongeskipet, M/S “Norge”.
Kongens Nei – King’s Choice.
Spillefilm fra 2017
Atlantic Crossing
Kronprinsesse Märtha
Atlantic Crossing
Kongens Nei!
Artikkel av Torgeir Ekerholt Sæveraas
Store Norske Leksikon
Kong Harald ombord på K/S «Norge»
Forsvarets historiske filmarkiv
«Look to Norway»
Om Franklin D. Roosevelt’s tale
September 1942 (Wikipedia)
“Look to Norway”
.png)
Kvardag i Noreg under krigen
Då tyskarane invaderte Noreg 9. april 1940, endra kvardagen seg brått for folk flest. Livet vart meir stille, meir grått og meir farleg. Vindaugo måtte blendast når mørket fall på. Maten vart rasjonert. Smør, kaffi, kjøt mm. vart luksusvarer. Folk lærte seg å vere kreative, dei bytta til seg varer, dyrka grønsaker i hagane og brukte erstatningsprodukt som potetkaffi og kålrabikaker. Mange strikka og sydde om gamle klede.
For dei fleste måtte kvardagslivet måtte gå sin gang, trass I knappe tider. Folk gifta seg, fekk barn, heldt konfirmasjonar, i ei skuggeverd der mykje var usikkert. Alt som heitte fest og moro vart forbode. Naboar hjelpte kvarandre, og fann lys i kvardagen ved små, stille protestar. Ein binders på jakkeslaget, ei raud topphue. Speia siste rykte frå London. Det var mange måtar å kjempa mot okkupantane. Men telefonar vart avlytta, frykta for angiveri låg alltid i bakgrunnen. Ordet quisling vart synonymt med landsvikar, på alle språk! Men eit aktivt motstandsarbeid med mange dramatiske hendingar har for alltid er gått inn i historia vår.
Inne I Senteret finn du utstilt fleire gjenstander frå både krig og kvardag, rasjoneringskort, våpen, tyske hjelmar og mykje meir. I ein seksjon i senteret som er via minne frå krigsåra, kan du sjå naziflagget, som for evig er blitt eit hata symbol for grusomme nazi-overgrep, særleg mot jødar og andre minoritetar. Kom inn, sjå, opplev og tenk!
«Hverdagsliv under 2. verdenskrig «
Artikkel av Guri Hjeltnes
Lokalhistoriewiki:
Hverdagsliv under andre verdenskrig
Vi manglet alt!
Oppgavesamling for grunnskolen, Arkivverket
”Snow Treasure”
Spanande filmdrama frå Norge (1948) basert på bok av Marie McSwigan.
Sjå han på YouTube
Norway Returns To Freedom
Klipp fra United News 1945, ca 1 min.
Sjå det på YouTube
.jpg)
Hitler’s “Most Wanted”
Moritz Rabinowitz på Toftekalven
Moritz Rabinovitz (1887–1942) var ein norsk-jødisk forretningsmann, samfunnsdebattant og antinazist, Han flykta frå Tsar-Russland på grunn av jødeforfølgingar og kom etter kvart til Noreg. Her vart ein dyktig forretningsmann med base i Haugesund. Han var svært aktiv som skribent i norsk og internasjonal presse på 1930-talet, der han som jøde og demokrat åtvara tidleg og tydeleg mot Nazi/Tyskland.
På grunn av si urokkande og offentlege haldning mot Hitler og nazismen var han på topp av Gestapos si “Most Wanted” liste då tyskarane invaderte Noreg i april 1940. Alt frå første dag av invasjonen prøvde dei få tak i han. Han klarde å halda seg i skjul ei tid m.a. i Åkrafjorden, og kom seinare til Toftekalven, der dei modige eigarane gøymde han på garden.
Men 4. desember 1940 vart han arrestert. Han og heile familien hans vart deportert til Tyskland, der dei døydde i konsentrasjonsleir. Moritz Rabinovitz står i dag som eit sterkt symbol på kampen for ytringsfridom og mot jødehat i det norske samfunnet.
Inne i Senteret finner du meir historie om tragedien Rabinowitz, m.a intervju med brørne Haldor og Erling Njøs, som vaks opp i Toftekalven saman med søstera Brita. Både dei og forelda fekk nærkontakt med Gestapo desemberdagen I 1940 då tyskarane ved ein slu manøver klarte å ta Moritz Rabinowitz til fange.
«Krigsdrama på Toftekalven»
Artikkel i «Kvinnheringen»
krigsdramaet på Toftekalven
«Om Moritz Rabinowitz»
Artikkel på Wikipedia
Om Moritz Rabinowitz.
«Den største forbrytelsen»
Om jødedeportasjone frå Norge under
2. verdskrig. Trailer spillefilm fra 2020
Den største forbrytelsen,
«Vondskap sett i system»
Dokumentar om Auschwitz
Auschwitz Tour.
«Oscar Schindler som berga meir enn 1000 jødar frå gasskammeret»
Om personleg mot, empati og offer
Trailer spillefilm frå 1993 (Spielberg)
Schindlers Liste,
.jpg)
Lokale drama
Sunnhordland, med sine idylliske øyar, vikar og sund var slett ingen idyllisk, fredelig utpost under krigen. På Osterneset ved Sandvikvåg, låg eit strategisk plassert fort med artilleristillingar og bunkrar. Herifrå kontrollerte dei skipsfarten gjennom Langenuen. Alle som traff på tyske patruljer på land eller sjø måtte visa godkjent ID-papir. I mai 1943 vart det svært dramatisk, då folk frå motstandsrørsla skaut og drap to tyske Gestapofolk på Sunde. Den frykta tyske rikskommisæren Joseph Terboven kom til staden og mange frykta eit nytt Tælavåg. Heldigsvis skjedde ikkje det, men fleire sentrale motstandsfolk vart arrestert og grovt torturet i Gestapo sitt hovedkvarter i Bergen.
15. Januar 1945 vart fleire allierte fly på tokt over Sunnhordland. Eit vart skote ned og sokk i Skåneviksfjorden. Piloten gjekk til botnars og vart aldri funnen, medan navigatøren vart berga av folk frå Skånevik. 21. Februar 1945 vart nattruteskipet M/S Austri bomba av allierte fly I Stordafjorden, der sjøfolk frå Høylandsbygd på lasteskipet Åkrafjord var med og berga overlevande.
Gjennom heile kigstida var pålitelege folk involvert I å smugla motstandsfolk og rømte krigsfangar ut til kysten for å få dei over til England. Mange fekk oppleva at Gestapo banka på dører rundt om i bygdene på jakt etter rømlingar eller norske motstandsmenn.
«Drama på Sunde»
«Netter kommer», memoarbok av Frank Meidell Falch s. 43-44
Norsk angiver i Gestapo’s tjeneste.
Dokumentar om Henry Rinnan,
Norsk angiver og torturist
Henry Rinnan
“Nazi King of Norway»
Josef Terboven
Sprengte seg med dynamitt,
Datteren kvalte sitt barn!
«Den ukjente helten i havet»
Luftkamp i Langenuen
Max Guedj – ein stor alliert krigshelt
Max Guedj - Bergens Tidende
Fann si grav i Skåneviksfjorden
Meir on Max Guedj, flygarhelten
The RAF’s great hero: Tunisian Jew, Max Guedj - Point of No Return
.jpeg)
Freden kjem, 8. Mai 1945
Rykte om tysk kapitulasjon og fred hadde ein høyrt nokre dagar, men ingen turde tru på det før det kom I radioen. Flagg som hadde vore nedpakka I fem lange, vonde år vart henta fram og gjekk til topps. Folk i bygda samla seg rundt radioapparatet på Berhaug. Det var berre smil og latter å sjå og høyra. Etter fem år med uro og sakn kunne bygda pusta ut, slik ein gjorde landet rundt.
Men freden kom ikkje utan tårer. Familiar som hadde mista sine kjære i uniform eller ved torpederingar kjende på sorg og vemod. Det var uvisse om brødre, sønner eller døtre som segla ute var i live? Noreg var ei stormakt på havet, over 30 000 norske sjøfolk var på skip i konvoiar over Atlanteren og andre stader. Svært mange liv gjekk tapt I denne farten.
I Finnmark var store deler av landsdelen brent ned og folket jaga på flukt. Ei rekke stader I landet tok mobben overhand og klipte håret av jenter som hadde hatt noko med tyske soldatar å gjera. Det vart ein svart flekk på vårt nasjonale samvit.
Men for dei aller fleste var 8. mai 1945 først og fremst ein dag for framtidstru og nytt mot i kvardagen.
«Qvislings siste dager»
Om verda’s mest berømte landsvikar
Spillefilm frå 2024
Qvislings siste dager
Gleda bryt laus!
Kortfilm frå frigeringsdagane i Oslo.
Kjelde: Fortress Military History
Dei som ofra mykje
- og fekk lite takk!
Krigsseilene, norsk spelefilm frå 2023
4. mai 1945 - Freden i sikte
Tyskerjentene

Anna interessant materiale
Jan Balsrud - Den 12. Mann
Trailer spelefilm frå 2017
Trailer spelefilm 2017
Motstandsmannen Max Manus
Trailer spelefilm frå 2008
Trailer spelefilm.
Nr. 24 - Spelefilm om motstandsmannen
Gunnar Sønsteby frå 2024
Trailer spelefilm.
«Kampen om Tungtvannet.»
The Heavy Water War
Trailer filmserie frå 2015
Trailer spelefilm
«Kampen om Narvik»
The Battle of Narvik
Trailer spelefilm frå 2022