Halsnøybåten
Her finner du:
Historien om Halsnøybåten
Hvordan den ble laget
Minnesmerke
Hvor den står utstilt
Halsnøy-båten, eit av dei eldste båtfunna i Skandinavia. Ein fullskala kopi av robåten blir bygd 2007 -2008 av båtbyggjaren Knut Sørnes i nært samarbeid med inintiativtakar, Johannes G. Eide.
I 1896 fann Johannes Jørgensen Tofte, restane etter ein gammal båt under dyrking av ei mye her på Buneset, Halsnøy i Sunnhordland. Johannes Silseth, som då var ung student ved Ås Landbruksskule fekk fagfolk til å sjå på funnet. Dei skjøna straks at dette var eit verdifullt funn. Same året tok B.E. Bendixen initiativ til at funnet vart overlevert Bergen Museum.
Funnstaden på Buneset (Toftevågen), Halsnøy i Sunnhordland.
Den kjende båtgranskaren Bernhard Færøvik tok i 1934 for seg restane av båten, som på den tida vart oppbevart på Oldsaksamlinga ved Universitetet i Bergen. Han målte opp og laga teikningar av dei delane som var att.
Dette materialet, saman med opplysningar frå inn og utland, danna grunnlaget for rekonstruksjonen av Halsnøy-båten. Initiativtakaren Johannes Eide kontakta Knut Sørnes, og saman starta dei det omfattande arbeidet med å gjenskapa båten i si opphavlege form samt finne fram til rette materialar og byggjeteknikkar.
Deretter utarbeidde K. Sørnes i desember 2005 den endelege teikninga av båten. Båtfunnet, som er datert tilbake til 100-300 e.Kr., er ikkje klinka eller nagla, men sydd saman med lindebasttråd innsett med dyrefeitt og tjøre, og låst med ospekilar i alle saumhola. Mellom bordgangane er det nytta voven saueull innsett med tjøre og dyrefeitt. Lindebasttau er brukt mellom kjøl og stamn (flatlask), samt til å feste bordgangane til spant og stamn.
Initiativtakar, Johannes G. Eide her saman med båtbyggjar, Knut Sørnes.
Dette er eit av dei eldste båtfunna i Skandinavia der båten har keipar og vart rodd med årer. Halsnøy-båten, som er eldre enn vikingskipa, hadde ei utruleg fin form og linjeføring. Måten han er bygd på, avviker ikkje mykje frå måten ein byggjer Strandebarmar elle Oselvar på i vår tid, sjølv om desse opp gjennom tidene har vorte breiare og høgare, det vil seie meir børige enn det Halsnøy-båten var.
Minnesmerke i Toftevåg
Dette historiske båtfunnet på Bunes i Toftevåg, blei gjort så tidlig som i 1896, menn funndelene blei berre arkiverte på Universitetet i Bergen og det var først 100 år seinare det blei bygd ein modell av båten for å stadfesta materialvalg og byggjemetode som var nytta. Deretter blei båten gjennskapt i full storleik. Historisk var det så viktig å markera funnplassen for etterslekta og i 2007 blei ein minnebauta reist og avduka like ved funnplassen i Toftevåg.
Bilder av byggeprosessen.
Byggeprosessen hos båtbygger Knut Sørnes.
Orginal restane frå funnstaden (1896).
Hvor den står utstilt i dag
Halsnøybåten står i dag utstilt på Halsnøy Historiske Senter i Høylandsbygd.
Det er mulig å komme og se den på åpne dager eller ta kontakt for omvisning av museet.
Adresse:
Slettanesvegen 21, 5457 Høylandsbygda
Mail: Johannes.eide@halsnoy.com
Comments