top of page

Jørn Øyrehagen Sunde - 11.desember kl. 18:00

11 minutes ago
1 min read
Foto: Universitetet i Oslo
Foto: Universitetet i Oslo

Kaperkaptein, admiral Kristoffer Tronds, og dottera Anna, kalla "Skottefruen"


Arrangementet tek plass i kinosalen på Halsnøy Kulturhus.

Adresse: Sæbøvikvegen 103, 5454 Sæbøvik.


Professor Jørn Øyrehagen Sunde er kjend for å fortelja historie på ein svært levande, folkeleg og underhaldande måte. Denne kvelden tek han oss med inn i den dramatisk 1500-talshistoria om Kristoffer Tronds frå Rosendal - krigar, sjøfarar og kaperkaptein i ei uroleg tid. Vi møter også dottera Anna Tronds, kjend som «Skottefrua», som hevda at ho var trulova med den skotske adelsmannen James Hepburn, jarlen av Bothwell. Han forlét henne og gifta seg seinare med sjølvaste Maria Stuart, dronninga av Skottland, noko han fekk betala dyrt for! Her blir det sjøreiser, storpolitikk, kjærleik, svik, ære og rettsoppgjer – ei norsk historie med sterke band til dramaet kring den skotske trona. Vi møter også banda til dagens aktørar, gjennom Tronds Marine AS, via Gerhard Alsaker som knyter ætta si og namnevalet attende til Kristoffer Tronds.


Kjøp billettar her:

 
 

©2023-2026 av Halsnøy Historiske Senter SA.

bottom of page