Krigsdramaet på toftekalve:- Nazistane var skikkelig etter han
- N
- May 11
- 7 min read
Av Ingvild Sjo - Kvinnheringen

– Det gjekk hardt inn på mor då Rabinowitz vart teken på Toftekalven, fortel bømlingen Nils Anton Stautland. Mor hans, Walborg Djuve, var hushjelp for den populære jødiske handelsmannen då han ein periode gøymde seg på garden Teigen ved Åkrafjorden. Seinare gjekk han i skjul på øya Toftekalven ved Halsnøy.
– Mor mi snakka mykje om Rabinowitz og dei. Han stod høgt i kurs hos henne. Det var ein populær mann i Haugesund òg, fordi han gjorde mykje godt for byen, fortel Nils Anton Stautland.
Walborg Djuve hadde ei søster som var gift og budde i Haugesund, Kaia Engelsen. Sonen hennar, Lars, fekk jobb hos Rabinowitz alt då han var 15 år.
– Den 8. april 1940 fekk Lars beskjed av sjefen om å stilla med bil og ekstra bensin neste dag, fortel Stautland om søskenbarnet i Haugesund.

Rabinowitz var 52 år då krigen braut ut. Han skjøna at han måtte flykta og han hadde alt lagt ein fluktplan. Tyskarane var intenst opptekne av å fanga den populære og velståande jødiske forretningsmannen. Ikkje berre fordi han var jøde. Han var ein fiende av Tyskland. Han hadde åtvara mot Hitler offentleg og informert om kva antisemittisme var. Dette viser godt igjen i Rabinowitz sine mange innlegg i aviser og tidsskrift i åra før verdskrigen starta, og spesielt i Haugesunds Avis.
Bøker og filmar
Arne Vestbø gav ut boka «Moritz Rabinowitz, en biografi» i 2011. Den har Nils Anton Stautland i bokhylla på Bømlo. Walborg gifta seg og flytta til Stautland. Nils Anton har òg private foto frå den tid mor hans var Rabinowitz sin nærmaste hjelpar.

Boka er eit godt hjelpemiddel når Kvinnheringen lagar denne saka, og Nils Anton Stautland får i denne boka bekrefta det som mor hans i si tid så levande fortalde.
I tillegg til denne boka gav Vestbø ut boka «Øverst på nazistenes liste» i 2014, som er eigna for barn over ti år.
I 2003 kom dokumentaren «Mannen som elsket Haugesund», og no er filmen «Adieu» under arbeid.
Produsent og forfattar av manus, Maria Lavelle, fortel til Kvinnheringen at det byrjar å skje noko med filmprosjektet i vår.
Ei farleg flukt
Same dag som Tyskland invaderte Noreg flykta Rabinowitz til Hogganvik.
Dagen etter, den 10. april, marsjerte tyske soldatar i gatene i Haugesund, og dei møtte ingen motstand då dei tok telegrafstasjonen og rikstelefonen. Haugesundskompaniet hadde ingen sjanse mot den tyske overmakta.
Raboniwitz skjøna kor farleg dette var. Han kunne ikkje bli i Hogganvik. Det var for mykje folk som kom innom, og han flykta snart vidare til Stølsmark, øvst i Vikedals-dalen.
– Dei fortalde meg at han hadde revolver med seg, og den sov han med under hovudputa. Han kjende seg ikkje trygg, seier Stautland.
Rabinowitz flykta vidare til Roaldkvam, der han gøymde seg på ein fjellgard. Å gøyma denne mannen var veldig farleg. Han sette andre sine liv på spel under flukta, og han kunne ikkje bli ved fjellgarden heller.
Det var ein som hadde ei god løysing. Det var motstandsmann Trond Moberg som ville gøyma han ved Valen sjukehus. Innestengd som psykiatrisk pasient. Det var fleire som hadde gøymd seg der, noko Reidar Handeland i Valestiftinga kan bekrefta. Konrad Lunde hadde kontakt med englandsfarten og han skjulte folk som var på flukt som pasientar, til dømes frå Telavåg.– Der våga ikkje tyskarane å koma inn, fortel Handeland.
Til denne løysinga takka Rabinowitz nei. Han takka òg
nei til å flykta med skøyte via Bømlo og over Nordsjøen. Han var redd miner i sjøen, og han var redd for kva som kunne skje med fabrikken og butikkane hans og alle dei tilsette dersom han gjekk heilt under jorda ved eit asyl.
– Mor fortalde at han var veldig oppteken av korleis det gjekk med forretningane han dreiv. Han hadde så mykje han måtte ordna med der, og det var veldig viktig for han. Det var vel det som gjorde at dei fekk tak i han til slutt, fortel Stautland.
Til Djuve, og Teigen
Etter at Rabinowitz hadde gøymd seg på forskjellige stader ved fjellgardar, blei opphaldet ved ein veglaus gard ved Åkrafjorden siste gongen han fekk nyta ein sommar. Litt lenger oppe låg garden Djuve.
– Der var Lars Engelsen godt kjend, fordi der budde jo besteforeldra, seier Nils Anton.
Dessutan var dotter til Moritz Rabinowitz etablert ikkje så langt unna. Edith Rabinowitz var gift med Hans Reichwalt, og dei budde i Skånevik der dei opna ein verkstad med reparasjon av syklar og klokker.

Rabinowitz kom til Teigen i slutten av mai eller starten av juni 1940. Til eit tomt hus der Walborg på 35 år stilte opp og blei ein nær medhjelpar. Det tomme huset var bestemor til Walborg sin barndomsheim.
Walborg fekk sansen for Rabinowitz og var villig til å ta risiko for å hjelpa han.
– For mor mi og folket på Djuve blei Rabinowitz som ein del av familien, fortel Nils Anton.
Det blei laga eit kodespråk, og Moritz fekk namnet Martin. Under golvet vart det laga rømmingsveg, og oppe i fjellsida laga dei til ein gøymd tilfluktsstad om tyskarane skulle koma.
Lars Engelsen blei ein viktig kurer for Rabinowitz som hadde opna konfeksjonsfabrikken Condor ved Flotmyrvegen og hadde mykje forretningar å ta seg av i Haugesund.
Motstandsfolk ville stadig skyssa Rabonowitz over til England, men han var så redd for forlis at han ein gong snudde på kaien. Gøymestaden i Åkrafjorden kjendest trygg, og dessutan kunne han vera saman med dotter si Edith, som var gravid.
Reidar Handeland kan fortelja at Konrad Lunde var lækjaren som sytte for tryggleik for Edith då ho skulle føda.
På denne tida starta nazistane eit stort arbeid med kartlegging av alle norske jødar, og like etter fekk Rabinowitz vita at Gestapo hadde peila han inn. Kodeorda «medisinen er sendt til bestefar» nådde Teigen. Heile familien flykta opp i fjellsida den natta, også gravide Edith.
Til Toftekalven
Den siste gøymestaden til Moritz Rabinowitz var øya Toftekalven heilt på sørspissen av Halsnøy. Her budde familien Njøs, og dei var to vaksne og tre store barn som tok imot Rabinowitz i august 1940. I september feira dei fødselsdagen hans med kake og det beste dei hadde. Rabinowitz heldt tale og takka for at dei tok vare på han.
– Far min fortalde at Walborg var på Toftekalven og besøkte Rabinowitz, fortel Ragnar Njøs som er eigar av Toftekalven i dag, og driv garden der.

Då Rabinowitz var på Toftekalven tok Walborg òg sjansar.
– Eg veit at mor reiste til Bergen for å levera skriv, og brev til bror til Rabinowitz som budde der og dreiv butikk, fortel Stautland.
Han fortel at då reiste Walborg med ei lita skøyte, og den trafikken ville tyskarane følgja med på. Ein gong kom tyskarane på kontroll. Då sløydde dei fisk som ei avleiing, og dei kom unna med det.
Dotter til Rabinowitz, Edith, blei sendt med skyss til Stord den 22. november, og slik gjekk det til at Moritz Rabinowitz fekk sjå barnebarnet sitt, ein gut som fekk namnet Harry.
Det kan ha vore difor Rabinowitz var i Skånevik. Han gjekk i alle fall innom banksjefen der for å låna telefonen. Han visste ikkje at Gestapo var begynt med avlytting av telefonar. Den telefonen vart skjebnesvanger for mange.
Dette førte til at fleire tilsette ved Rabinowitz sine forretningar i Haugesund blei arresterte, og i Bergen blei Herschel, bror til Moritz, arrestert.
Den 3. desember 1940 bestemte dei tyske styresmaktene at dei skulle overta all forvalting av Rabinowitz sine verksemder og formue. Heinrich Stockhaus var sjef for Gestapo i Haugesund. Den 4. desember drog han og nokre menn til Bjoa, og vidare til Skånevik der han fekk tak i ein skysskar. Gestapo var på veg til Toftekalven.
I Arne Vestbø si bok er arrestasjonen skildra slik:
Klokka to om ettermiddagen sat Rabinowitz og skreiv på ein skrivemaskin då han høyrde ein båt leggja til ved bryggja. Dotter i huset, Brita, og ei gammal tante, var dei einaste som var heime. Dottera gjekk ned til sjøen og såg raskt at det var Gestapo som kom. Ho snudde seg og gav avtalt teikn til Rabinowitz, slik at han kunne stikka av. Han sprang ut og gøymde seg, utan å ta på seg varme klede.
Gestapo truga Brita med pistol og dytta henne framfor seg inn i huset. Så blei ho avhøyrd. Då såg dei brevet som stod i skrivemaskinen, med Rabinowitz sitt brevpapir i. Arket var datert same dag. Gestapo ransaka huset, men fann ingenting.
Då resten av familien kom heim att, blei dei møtte av Gestapo og kom i kryssforhøyr. Dei nekta for at dei kjende Rabinowitz og ville ikkje seia noko. Dei blei beordra ut for å leita saman med Gestapo. Det blei mørkt, og mor i huset blei beordra til å laga mat.
Då det nærma seg midnatt, sende Gestapo skyssbåten tilbake.
Dette blei Rabinowitz si felle. Då han høyrde båten drog frå kai, trudde han faren var over, og kom inn att i huset der Heinrich Stockhaus venta med sine menn.
Same natt blir Moritz Rabinowitz frakta til Haugesund og sett i celle i Gestapo sitt hovudkvarter i byen.
Soga om Moritz og resten av Rabinowitz-familien er ein tragedie som enda med død i konsentrasjonsleir for alle, også vesle Harry som var tre år og døydde i gasskammer i Auschwitz.
Mange ønskte dei hadde gjort ting annleis. Walborg Djuve si svigerinne Grete Djuve bur på Sandvoll og kjenner til historia gjennom svigerfar sin Lars Djuve, bror til Walborg. Ho kan stadfesta at mange tok det tungt fordi dei ikkje klarte å halda Rabinowitz gøymd for Gestapo.
– Men det var dette at han var så oppteken av å driva forretninga si i Haugesund, og at han ville vera nær dotter si i Skånevik, seier Grete Djuve.
Radio102.no melde i desember 2021 at filmskapar Maria Lavelle fekk beskjed om at produksjonsselskapet hennar får 500.000 kroner i støtte frå Filmkraft Rogaland til kortfilmprosjekt om historia til Moritz Rabinowitz. Då hadde filmen runda ein million kroner i finansiering så langt. Budsjettet er på 2,8 millionar.
Takk til Kvinnheringen for løyve om å publisera artikkelen på vår heimeside.