top of page

Historisk Skipsbygging på Halsnøy

Halsnøy har ein gammal historie å fortelja, frå årtider tilbake, når det gjeld båtbygging og skipsbygging. Historien er så mektig at den kanskje er den mest omfattande i landet, i sitt slag vil den ha ein imponerande plass sjølv i Europeisk målestokk.

Like frå tidsrekninga vår og utetter strekkjer denne historia seg, med "Halsnøybåten" som det eldste provet på båtbyggjarkunsten. Vikinggravene på Slettanes i Høylandsbygd og langskipsnaustet med leigangskipet ved Skarvasteinane på Halsnøy Kloster.


Utvikling av båt og skipsbyggjarkulturen har vidare vakse fram med tverrsegljektene til Sunnhordlands everten som hadde bomsegl og som var forløparen til jaktene med bomsegl slik vi kjenner dei i dag. I over 100 år var desse jaktene den tidas trailerar langs norskekysten, inn og ut fjordarmane, vidare til Østersjøen, dei Baltiske statane. Holland, England og vidare med.

Ei slik jakt var "Skjoldmøen" som gjorde den legendariske reisa over Atlanterhavet og opp vassvegen like til Chicago, med norske varer om bord. Retur til Norge lasta med tobakk, olje og oljelampar om bord. Jakta var bygd på Halsnøy i 1856. Skipsbyggingsaktiviteten utvikla seg vidare og det blei bygd stadig større skip til reiarar lokalt, i Haugesund, Stavanger og Bergen, for ikkje å nemna skutene som gjekk i isen på selfangst utrusta av fangstfolk og reiar på Sunnmøre.

I gamal tid var skipsbyggingsmeistrane ambulerande og reiste rundt og bygde der oppdragsgjevaren heldt materialar frå eigen skog. Litt etter litt blei det etablert faste vervaplasser og ein av desse var Gravdal Skipsbyggeri. Som vart grunnlagt i 1845 i Gravdal, på Halsnøy av Gunnar Hansson Gravdal. Herfrå utvikla verven seg til å bli landets største treskipsbyggeri.

Dei bygde over 400 fartøy rekna med stort og smått.

Rett nokk blei verven i generasjonen etter flytta over til Oppsanger, med det var i Gravdal, vogga og grunnlaget for dette industrieventyret stod.


Mange av skutene som vart bygde her blei også værande og drivne frå Halsnøy og

Fjelbergsøyane. Like frå 1500 tallet når Hollendarane og Skottane kom med skutene sine etter trelast tok halsnøybuen seg hyre og utvikla seg til å bli framifrå sjøfolk som seinare i fleire generasjonar dreiv med eigne skuter i fraktfart og fisketransport.

Fiskarbonden som dreiv småbruket heime og fisket på sjøen som attåtnæring, skal vi heller ikkje gløyma. Dette var i si tid ein viktig leveveg for mange på Halsnøy og i heile Sunnhordland, der heile familien deltok.


Jakta "Oline" som vart bygd i Gravdal av Gunnar Gravdal, for reiar i Høylandsbygd, i 1858, har vi restaurert. Den står utstilt i ein av skipsbyggjar hallane i Hillestadvågen.



 

På gammal leist

På gammal leist blei båten bygd, av tre frå desse strender. Blant desse berg der budde menn med manndoms mot og merg, Her deira liv fekk verd.


Johs. G. Eide






 

Kjeldemateriale:

Ein oversikt over båtbygging og skipsfarten i Norge fram til miten av 1800 tallet Vervaplasser på Halsnøy og Fjelbergsøyane,

Halsnøybåten

Halsnøy meistrane reiste rundt som ambulerande skipsbyggjar.

Sunnhordlands EVERTEN og utviklinga av denne.

Kor kom kunnskapane om båtbygging og skipsbygging frå?

Jakta su historie og utvikling

Jakta "Skjoldmøen"

Jakta "Oline"

Fartøy som var heimehøyrande og drivne frå Halsnøy og Fjelbergs øyane. Gravdal Skipsbyggeri

Skipsbyggjaren Georg Eide

Halsnøy og Fjelbergs meistrane II Industrireising i bygdene

Båten i fortid og notid på Halsnøy




コメント


bottom of page