top of page

Skipsbyggjaren Georg Eide

Georg Eide, var fødd den 9.12.1896.

Han vaks opp i små kår men utvikla seg til ein framifrå skipsbyggjar og designer av fartøya han bygde, fram til han døyde i 1951, berre 55 år gammal hadde han bygd over 40 fartøy forutan ei rekkje ombyggingar og reprasjonar Han var gift med Gurine f. Hillestad og dei hadde 6 born saman.


(Georg Eide i midten)


Han vart farlaus i ung alder, berre 5 år då faren døyde og mora sat att med tre små bom: Georg 5 år, Dorthea 3 år og minstebarnet Edvardine berre l måned gammal. Familien budde då i Stavanger men mora måtte ta borna med seg og flytta heim til foreldra sine i Høylandsbygd. Vanskelige tider utan noko form for hjelp gjorde at Georg som var elstemann blei fostra opp ute på Eide hos besteforeldra sine.


Besteforeldra var ingen ringare en skipsbyggjatrmeisteren og sjølve storbasen på Halsnøy i denne tida Gjert Anderson Eide og andre kona hans Barbro som kom frå Sætrevik på Stord.

Dette var kloke og arbeidssame menneskje, slik at guttungen kom i dei beste hender for å læra om skipsbygging alt frå ung alder. Skulegang var det lite med i den tida, men alt som guttunge var han ein meister med tollekniven. Han utforma båtmodellar og andre figurar så galante som nokon og alt før han stod konfirmant hadde han lært det meste av skipsbyggjarkunsten.

I 1907 kom hermetikkfabrikken i Toftevåg, der mor hans fekk arbeid og vart bestyrerinne på tresalen, her fekk også sonen væra med i fleire sesongar. Han prøvde seg ein tur til sjøs, men sjølivet var ikkje noko han trivdes med og var deretter i arbeid på Oppsanger på Gravdalsverven.




Første jobben som sjølvstendig skipsbyggjar var ombygging av M/k "Toftevåg" frå sildeføringsbåt til agentbåt for Johannes Silseth i Toftevåg. Første nybygde båten var ein motorbåt for Olai Halvorsen i Høylandsbygd, som fekk navnet "Sjøvang"

Deretter starta han saman med Rudolf Hillestad, på Rudolf sin eigedom i Hillestadvågen, som grensa opp mot Tolleiv Hillestad sin gamle verva plass på Sjostølen, med skipsbygging. Frå 1922 til 1934, var dette vinterarbeid. Men frå 1934 blei det oppsving i etterspørselen etter båtar og skipsbygginga blir heilårsarbeid for 9 mann på denne vesle verven og arbeidsstokken auka på til 12- 13 mann.Skiftesvispå nybygg og reprasjonar.


Den andre verdskrigen som Norge kom med i frå 9. april 1940 la ikkje noko dempar på aktiviteten med bygging av båtar, men rasjonering og mangel på varene og utstyret vanskeliggjorde drifta. Etter at krigen var slutt var behovet for båtar og fornying av fiskeflåten stort og slik helt det seg like til Georg Eide, døyde hausten 1951 berre 55 år gammal og verftet som nå hadde vore dreven kontunierlig i mange år morte innstilla ettersom sønnene var for unge til å ta over drifta.




Som nevnt innledningsvis var Georg Eide, ein framifrå designer som hadde ry på seg for å byggja gode og fint forma fartøy. Enno er mange av fartøya han bygde i bruk, ikkje som fiskefartøy, men som lystfartøy og gjeme rigga med seglføring.

Verftet på Hillestadvågen helt seinare fram i mange år. Først med trefartøy og seinare med stål som byggjemateriale. Nå har etterkommarane heile Vera som arbeidsfelt med spesialbåtar for transportoppdrag, løteoppdrag og berging av fartøy og anna. Forsatt er Høylandsbygd base for denne virksomheten.


Emne gode, emne ville

veks og gror i storm og stille

Du er sjølv eit emne gut.

Kjenn og skyn det, form det ut

Glød det upp og blenk og kvess det

frå ditt inste, allerbeste!

Gløyn no ikkje det til slutt.

bottom of page