Jakta blei bygt på Larstø i 1856 av Per Hagen og Gunnar Gravdal.
Skjoldmøen på amerika reise.
Amerika Reise
Torgeir Svanøe var mannen som kjøpte den 63 fots jekta og sende ho på ein både risikabel og myteomspunnen pionértur over Atlanterhavet.
Båtkjøparen var son til haugianarhøvdingen Ole Torjussen Svanøe som grunnla to store handelshus i Bergen.
Eitt av handelshusa gjekk i arv til Torgeir, omtalt som ein både frilynt og misjonskjær kjøpmann i Hans Nerhus si bok om «Skjoldmøen».
Det var nevøen Endre Johannessen Svanøe som overtalte onkelen sin til å føreta overfarten til Amerika for å kartleggja handelsvilkår over there .
Nordmenn hadde reist til Amerika i små fartøy lenge før 1863. Men «Skjoldmøen»s overfart er rekna som den første i forsøket på å etablera ei godsline mellom Norge og USA. Det skjedde eit halvt hundreår før «Kristianiafjord» kryssa Atlanteren som den første i Amerikalinjen i 1913.
Etter ei strabasiøs kryssing med storm i Nordsjøen og isfjell utanfor Newfoundland, nådde «Skjoldmøen» Quebec 12. juni 1863. Straks spreidde ryktet seg om dei vågsame nordmennene og skipshunden i den vesle trebåten.
Jekta blei buksert av dampbåtar gjennom St. Lawrencevassdraget, løfta gjennom 30 sluser, slept av hestar opp til Eriesjøen, for så å segla over Huronsjøen og Michigansjøen til Chicago.
Aviser og blad gjorde den norske båten til kjendis vide omkring. På nasjonaldagen 4. juli fekk «Skjoldmøen» kraftig salutt under slep langs kanalane. Og mottakinga i Chicago 16. juli var så storslagen at lossinga måtte utsetjast.
Borgarkrigen rasa i USA medan «Skjoldmøen» låg i Chicago. Men det minka ikkje interessa for båten. Blant anna strøymde mengder av norskameraikanarar i Midt-Vesten til for å sjå jekta.
Også ved avreisa var det stor ståhei. Kva mottaking «Skjoldmøen» og kaptein Wesenberg fekk då dei ankra opp i Bergen att tidleg i november 1863, går ikkje fram av litteraturen.
Seilingsruta til Amerika.
Kanalene inn til Chicago.
Fakta
«Skjoldmøen» 63 fot lang, 17 fot brei og 12 fot djup jekt bygt på spekulasjon av Gunnar Gravdal og Peder Hagen på Halsnøy i 1856. Først brukt i sildetransport langs kysten, selt til kjøpmann Torgeir Svanøe i Bergen i 1862. Namn frå norrøn mytologi etter Frøya, fruktbarskapsgudinne og skjoldmøy (valkyrie). Den vidgjetne amerikaturen starta i Bergen 12. april 1863, med eit mannskap på seks, ein skipshund, sommarsild, stokkfisk og ansjos om bord. Kaptein var Rathje Harmens Wesenberg. Nådde Quebec i Canada 12. juni 1863, Chicago i USA 16.juli. Returnerte til Christiania og Bergen med flesk, kveitemjøl, skinker, tobakk, hud, petroleum og oljelamper etter 14 dagar. Seinare selt til Florø, Halsnøy og Sandnes. Gjekk i fiske- og godstransport til Ishavet, langs norskekysten, til Austersjøen og Europa. Landsett og vraka ved Slottsvik på Sunnmøre i 1923. Eit USA-flagg av silke, gitt «Skjoldmøen» av Chicago bystyre i 1863, heng i dag i Bergen Sjøfartsmuseum.Litteratur: «Den første norske Amerikalinje» av Hans Nerhus (Form og Farge, Oslo 1963)
1856 - Bygget av Gunnar Gravdal og Peder Henriksson Sæbø på Larsstø for egen regning. Benyttet til sildetransport på Østersjøen.
1862 - Solgt til Torgeir Svanøe, Bergen.
26/10-1862 - Rathje Harmens Wesenberg mønstret som skipper.
12/4-1863 - Avgikk Bergen på sin berømte reise til Quebec og Chicago med sild, tørrfisk og salt i lasten. 6 personer ombord.
4/10-1863 - Ankom Christiania etter endt reise lasta med matvarer, tobakk, petroleum, huder og lamper.
1869 - Solgt til ukjent eier, Florø.
1876 - Innkjøpt igjen av Tørris Larsson Hauge m.fl.
1876 - Innregistrert i Bergen Skiprsregister med kjennings bokstaver : JPDK
Målt til 51,28 br.t.
18?? - Ommålt til 56,29 br.t.
12-1895 - Solgt til Karl Tobiassen P/R. Sandnes. Reg. i Sandnes.
Omrigga til galeas.
1907 - Måler 68,1 x 19,3 fot. Tonnasje: 55,59 brt/48,17 nrt.
1911 - Overtatt av Karl Tobiassen alene.
1913 - Solgt til Thorvald Eriksen, Sandnes.
1914 - Solgt til Johan Andersen Horne, Kinn. Reg. i Florø Skipsreg.
1915 - Eiget av A.C Normann. Ålesund. Avrigga. Låg for det meste oppankra i Skutevika som lagrings og tilberedelssted for fisk. Ble etter kvart landsett ved Slottvik på Ellingsøya.
1923 - Ophogget i fjæra ved Slottvik på Ellingsøya.
Kyrkjeskip
Tørres og Ingeborg Hauge
Halsnøyreiaren Tørres Larsson Hauge m/fl. kjøpte "Skjoldmøen" i 1876 og dreiv med fisketransport frå Nord-Norge og anna fraktfart fram til 1895, då skuta blei seld til Sandnes.
Kona hans, Ingeborg Larsdotter Holmedal, dreiv jorda heima og var i mange år fyrvaktar på Hillestadholmen fyrlykt.
Kilder:
Skjoldmoen.no
Bergens tidende (bt.no)
Halsnøy Historiske Senter's arkiv.