top of page

Veggmaleriet

Historien bak det store veggmaleriet på skipsbyggingshallen, Hillestadvågen i Høylandsbygd.



Bak bilede står historien om faren vår: Georg Eide, som var treskipsbyggjar nett på denne staden. Han designa båtane han bygde sjølv og fekk fram fine og velskapte båtar, som var ettertrakta i marknaden.


Han blei sjølv farlaus som 5-åring og blei deretter fostra opp hos besteforeldra ute på Eide. Bestefaren var ingen ringare enn Gjert Anderson Eide, som gjekk for å vera ein av storbasane blant Halsnøy meistrane. Han bygde sjølv mange båtar i Koven på Sjo og var ambulerande skipsbyggingsmeister.


Han fekk tidleg bruka tollekniven, for når det mørkna om hausten, sytte bestemora for at dei hadde ein kasse med tjukk og god furubork under kjøkenbordet, som gutane kunne forma båtar og anna med kniven. Ei stødig hand frå bestefaren gav resultat. Dette blei seinare levevegen hans.

Dei første båtane som er under bygging på veggen er: MS «Innøy», bygd for Br. Koløy på Sæbøvik. Den andre ved sida av er MS «Utøy», bygd for Gudmund Sæberg frå Eidsvik, tidleg på 1940-talet.

MS «Utøy» har skifta eigar fleire gonger og har vore nytta til mange ulike gjeremål. No er båten heimehøyrande på Vestnes i Romsdalsfjorden. Denne eigaren har rigga den med seglføring og

seglar med turistar og andre på fisketurar og på langfart. Sjå båten slik den var i dag på det siste biletet på veggen.


Dei andre båtane på veggen er båtar under bygging på mange stadier, dette for å visa mangfaldet i arbeidet og leveransane hans. Georg Eide døydde berre 55 år gammal, men hadde greidd å

byggja og levera over 40 båtar, der dei fleste var nytta til fiske. Endeveggen på hallen er dekorert med jakta «Oline», byggjenr 3 i Gravdal. Bygd og levert til partreiarlag i Høylandsbygd i 1858.

Denne jakta er no restaurert og er teken vare på i den andre av skipsbyggingshallane i Hillestadvågen.



PÃ¥ gamal leist.....

På gamal leit blei båten bygd, av tre frå desse strender.

Blant desse berg det budde menn med mandoms mot og mærg.

Her deira liv fekk verd.

 


Måleriet er utført av det unge kunstnarparet Konrad Warkasa og den sjarmerande kona hans, Margareth, begge frå Polen.





bottom of page