Drøsekveld - Søndag 19. April kl.18:00
- Apr 7
- 2 min read

Søndag 19. april kl. 18:00 vert det litterær stemning i Halsnøy Historiske Senter når vår lokale forfattar Anders Totland tek turen over Høylandsundet og stiller opp på drøsekveld.
Vegen fram til status som populær, prisvinnande forfattar i relativt ung alder har ikkje på nokon måte vore rett-fram for prestesonen frå Valen. Etter fullført vidaregåande skule på Husnes tok han fagbrev i kokkefaget og arbeidde i fleire år som kokk, bartender og servitør. Deretter vart det bachelorgrad i utvikling- og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet før han vende tilbake til yrkeslivet for ein lengre karriere som nettjournalist og bladfyk i lokale media. Men den talentfulle prestesonen frå Valen, full av skrivelyst og fantasi, ville vidare opp og fram. I 2015 debuterte han som forfattar med barneboka Vampyrane i Eplehagen, ei forteljing om to vampyrar og ein prest som får blodsmak i munnen når han syklar! I åra etter følgde han opp med to ungdomsromanar som begge fekk svært god mottaking, før han i 2018 tok eit avgjerande steg ut i det ukjende som forfattar på heiltid.
Det ser verkeleg ut som det var eit godt val, for dei nye titlar kom i raskt tempo frå den produktive og allsidige forfattaren. Til no er det blitt 17 bøker i alt, mellom anna fleire prisvinnande bøker for barn og ungdom. Tematisk har han markert seg som ein særs allsidig forfattar. Ha er ikkje redd for å røre ved vanskelege og alvorlege emne som sjukdom, overgrep og livet sine mørkare sider, men alltid med ei forteljarglede og finkjensle som grip lesaren. I bibliografien hans finn vi også fleire sakprosaverk for ungdom, m.a. om den norske slavehandelen, om leprasjukdomen og om pandemiar. Som om ikkje dette var nok gav han i 2017 ut si eiga kokebok! I fjor kom den dagsaktuelle ungdomsboka "Mamma på dass", ei munter, men ettertenksam forteljing om vårt digitale publisering-samfunn. Nemnast må også ein planlagt trilogi om den pensjonert og lettare hardkokte presten Jacob Juul, bygda sin store sprithandlar, leiar i birøktarlaget, som nærast på slump vert mordar alt i første kapittel av bind I, Til jord skal du bli (2022). Oppfølgjaren i bind II, Til døden skil oss, kom i 2024. Dette er kosekrim av høg klasse! Hovudpersonane vert skildra med ein langt lettare undertone enn i tradisjonell krim - med alvor, varme og ikkje minst ein god porsjon glimt i auga!
Denne kvelden på Halsnøy får publikum høve til å bli betre kjend med mennesket, forfattaren og underhaldaren Totland. Det vert forteljingar frå eit mangfaldig forfattarskap, innblikk i skriveprosessen - som vi håpar gjev både alvor, smil og litt ettertanke undervegs. Kort sagt: Ein kveld der du både lærer noko nytt, får deg ein god latter – og går heim med lyst til å lese litt meir.


