top of page

Rekordmange tilhøyrarar møtte fram til drøsekveld

  • 1 day ago
  • 1 min read
Kilde: Universitetet i Oslo
Kilde: Universitetet i Oslo

Rekordmange tilhøyrarar møtte fram til drøsekveld ved Halsnøy Historiske Senter søndag 8. Mars då Halsnøy sin eigen arkeolog, professor Per Ditlef Fredriksen kåserte om "Halsnøy, Sunnhordland og Vestlandet - før Noreg vart Noreg».

Ein kunnskapsrik, inspirert og ikkje minst engasjerande føredragshaldar tok publikum med på ei spanande reise gjennom forhistorisk tid. Vi fekk innblikk i korleis kystlinja og landskapet I Sunnhordlandsbassenget endra seg gjennom det lange tidsspennet frå då isen byrja trekka seg attende for rundt 15000 år sidan og fram mot historisk tid. T.d. då Toftekalven først stakk toppen opp av havet og korleis Opsangervatnet gradvis vart endra frå eit sund i fjorden til ein liten innsjø.

Fredriksen fortalde også levande om leirkrukkemakarar i Indre Sogn som sette dokumenterte, personlege spor etter seg gjennom fingeraavtrykk på hundrevis av arkeologiske funn gjort over store delar av Vestlandet – ja heilt frå Vestfold i aust til Steigen i nord.  Han var innom mange av fornfunna som indikerer at det var stor kontakt og sterk påverknad mellom Skandinavia og Romarriket før folkevandringstida. Gjennom analyser og tolkning av slike funn frå graver, gravrøyser og buplassgroper kan arkeologane lesa og dokumentera menneska si kulturhistorie her oppe i det kalde nord - frå tidene lenge før skrivekunsten nådde fram til oss. 

Mange av dei over 100 tilhøyrarane gav uttrykk for at foredraget og drøsen i etterkant hadde vore svært givande og interessant.

Her kan du bla deg igjennom presentasjonen som vart nytta under kåseriet og gå til nyttige lenker lista opp på siste sida. 


©2023-2026 av Halsnøy Historiske Senter SA.

bottom of page