top of page

Prolog til jakta Oline på hennars 150 årsdag.


Me skrur tida til atten femti åtta, da er sjette september og tidleg haust. Da er mykje, mykje lengre enn nolevande kan håtta, ved Gravdalsverven ligg ei jakt so traust.


Ho ligg høgt i sjød'n so ventade er, sjølv om ballast er teken ombord. Meister Gunnar og eigarane dei står å ser, da fell skryt og lovande ord.


Til jakt vera er ho liten og grei, men i eigarne sine auge ho veks. Ho er førtifem fot lang og femten fot brei, og djupna er seks fot og seks.


På gravdalsverven kan dei sitt skipstømrarfag, med nedarva handalag og augnamed. Dei øksar og klinkar kvar einaste dag, jakta var bygg nummer tre.


Ho vart døypt Oline utan brask og bram, men ei tina med nybakte kjeks og ei lerka går rundt med ein drusteleg dram av sterkaste sort nittiseks.


Navna til eigarane har me ikkje nevnt før, da er Tørres og Lars og han Ola. Tørres og Ola dei er brør, dei tre på kvarandre kan stola.


Oline dreg ut i sin fraktefart, i halvt anna sekel på lag. At ho er sliten da er ikkje rart, på sin femtifjerde tusende dag.


I sytti år var ho under segl, so fekk ho satt inn ein motor. Ho frakta frukt og grønnsaker, sand og tegl. Motoren var tredve hestar stor.


Ho vart seld til familien Lægreid og fekk Eidfjord som sitt nye navn. Da kom vel med at ho var monaleg breid når ho sku føra skieved i favn.


Frå Eidfjord til Bergen i tjueåtta, med vedlast i rom og på dekk, da vart ein tur som mannskapet håtta, for stormsjø tok dekklasta vekk.


Ho sprang lekk i femtien ved Varaldsøy, ho sokk ned, men skulle vidare få leva. Folk synest ho var for god til å døy, dei sette i gong og fekk ho heva.


Ho vart vølt inn i Jondal og til Eivindvik seld, skaffa Arthur Nilsen dagleg brød, sjølv om skrapjarn er tungt, ho flytande seg held, var i Eivindvik til eigaren var død.


Etter opplag i nokre år, da hende noko rart, ho vart seld til Øystese til van der Vooren. No var da slutt på alt som heitte fraktefart, og slutt på risting fra motoren.


Men opphalded i Øystese var ikkje noko stas, motoren sakna feitolja og tvist. Jakta låg i lag med Anna Rosa og ein galeas, ho vart seld til ein tysk optimist.


Hardangerfjorden vart dryg for ein utsliten motor, været var fint, litt austleg bris. Men veivlageret gløda og laga lagerspon, og hylsa var tom for gris.


Ved bloksene sa den gamle Unionen takk for seg, for tyskeren da vart ei stille stund. Men han var heldig, hjelp var straks på veg, sakte vart han slept til Haugesund.


Tyskeren var blakk, gav opp og reiste vekk. jakta fekk eit liv av verste sort. Heilt til Georg Gundersen auga på ho fekk, han kjøpte ho og då gjekk tinga fort.


Slept til bydn og Sandviken, restaurert på ny, rigg og segl vart akkurat som før. Og i mai i åttitre var ho god som berre fy, ho segla rundt på byfjorden for friske bør.


Til stevne på Hitra i juni åttitre, då heitte ho Oline som i gamal tid.

Der fekk ho mykje åtgaum, slikt er godt å ta med, dei som hadde restaurert hadde gjort sin flid.


I tre år var ho på topp, so vart ho rigga ned, då vart ho lagt i opplag inn i Bergen. Da såg ut som ho gjekk inn i den evige fred, maur og makk dei åt seg nesten inn til mergen.


I siste lit kom Johannes G Eide og spurde henne opp, han kjem frå grenda der Oline ein gong vart bygd. Pågangsmot, da har han, intressa er på topp, han gav ho trygge heim og alderstrygd.


No er Oline vølt og stelt med kjærleg hand, dei som vil kan ombord i henne trø. Og ein ting er sikkert,ho skal alltid stå på land, og aldrig meir få smaka salte sjø.


Oline er ein kulturarv, framtida er sikra, kanskje ho og Halsnøybåten ein dag står i Iag. No kan folk få sjå korleis jakta er klinka og spikra å hylla Oline på hennar store åremålsdag.


Magnus Stokken.

bottom of page