top of page

Song til Oline til 150 års dag.



Song til jakta "Oline" sin 150 års dag. Tone: Fjellveivisa.

Eg er sterk og kraftig bygd, men har no fått alderstrygd, eg er dama og mitt navn da er Oline. Dryg på midten, flate hekk, og so nesten ikkje lekk, ja eg synest sjølv at eg er veldig fine.

Eg er ekta Halsnøyjakt, eg har seilt i allslags frakt, bygd på Gravdalsverven atten femti åtta. Rundt i Sogn og Hordaland har eg frakta ved og sand, adle turane er vanskeleg å håtta.

Under segl i sytti år, so ein dag motor eg får, ja den larma fælt, men ellers var han fine. Fekk ei nye heimstadhavn, Eidfjord vart mitt nye navn, eg fekk ikkje lenger kalla meg Oline.

Jamt og trutt til bydn eg fo'r, lasta den var ofta stor, da var pote, da var frukt og grøne saker, Stundom fullt av ved på dekk, storm og brottsjø heiv han vekk, kost ombord var ikkje brus og søte kaker.

Trygt og traust til bydn eg kom, lossast tom med vippebom, samla returtast ombord i fleire dagar. Bambustroa fin og bein, hestaplog og slipestein, og litt kandis heim til born med slunkne magar.

Last med skrapjarn under dekk, sprang ved Varaldsøya lekk, eg var nittitre og var ei gamal dama. Eg sokk loddrett ned,men pytt eg fekk livet att på nytt, hjelpa kom og eg vart heva med da sama.

Etterpå so vart da slik, eg vart seld til Eivindvik, nesten tjue år med skrapjern under luka. so vart opplag dagens dont, eg fo'r idla og leid vondt, eg var då ei skuta ingen ville bruka.

Men ein dag i syttini kom ein gasta kar forbi, da var Gundersen, og brått so vart da handel. Drog til Sandviken med slep nye rigg og segl og rep, og då fekk eg att mitt gamle navn og vandel.

I åttitre var eg på topp, etter tre år var da stopp, rigga ned og lagt i opplag inn i Bergen. Låg i to og tjue år, mange hakk og mange sår, maur og makk dei åt seg nesten inn til mergen.

Eg vil sei da nokso stutt, eg vart henta heim til slutt, heim til Høylandsbygd med Eide sin Marine. Eg vert vølt med kjerlig hand, og no står eg trygt på land, navnet mitt da skal for alltid bli Oline.


- Magnus Stokken.



bottom of page